Musikar som spelar på fleire strengar.

Treng du trubadur på puben, innslag i bursdagsselskap, kulturelle innslag av forskjellig art, bryllup, begravelser mm. Eg har med meg gitaren, riggar anlegget og syng der du treng musikk.  

Foredrag
Ved sida av sangoppdrag, tar eg oppdrag som foredragsholder/erfaringsformidler. Eg har kalla foredraget "Kva med meg"? Når eg held foredrag, syng eg eigne songar som høyrer til temaet. Meir info finn du under "foredrag" i menyen øverst på sida.

Interiørkonsulent
Eg er utdanna interiørkonsulent, og er veldig glad i kreativt arbeid. Når eg ikkje skriv eller syng, likar eg å halde på med forskjellig innan dette faget. Utstilling og digital kreativitet, det å skape bilder/uttrykk trives eg godt med. Eg får brukt denne sida av meg sjølv når eg lagar plakatar, både til meg og andre. Det er andre året eg er så heldig å få være scenograf på teater, spennande og utfordrande arbeid.

 

Oversikt over songoppdrag eg gjer:

- Pub/Dans

- Bursdag

- Firmafest

- Julebord

- Konsert

- Bryllup

- Begravelse

- Kulturelle innslag ved selskaper mm.

 

Repertoar som trubadur består hovedsakleg av country, norsk, og god, gammal 80-tals musikk. Her kan nevnes bl.a.  Willie Nelson, Alan Jackson, Garth Brooks, Creedence,  Tanya Tucker, Dolly Parton, Vassendgutane, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Matti Røssland, Leif og kompisene m.m.

Repertoar begravelser har blitt til etter ønsker fra dei pårørande, og består for det meste av salmer, viser på norsk, svensk og engelsk. Eg øver med glede inn songar etter ønske fra pårørande.

Eg gjer også oppdrag der eg i hovudsak presenterer eigne låtar.

Musikken har alltid vore ein stor del av meg, og etter mange års hardt arbeid gav eg ut mitt første soloalbum 1. juni 2013. Tekstane er nære og direkte, der hovedbudskapet er indre følelsar. Mitt ønske er at eg har skapt eit album som kan gje deg glede og trøyst, og at du sit igjen med ein god følelse når du har lytta til mine songar.

Desember 2014 deltok eg på juleplata "Juletonar" saman med andre lokale artister i regi av ABC Studio AS og Grannar, samt sponsorar frå det lokale næringslivet i Etne og Vindafjord. 

Eg arbeider heile tida med nye låtar. For tida skriv eg på engelsk, og sjangeren vippar nok over i countryen, sjølv om det ikkje blir ein rein sjanger. Budskapet i tekstane vil fremdeles vere viktig for meg. Mitt ønske om å skrive om ting som betyr noko, er det som driv meg i komponeringa.

For informasjon og booking, ta kontakt: Mob. 47 02 96 94
Mail: karolinetaraldsoy@gmail.com

 

 

Good to be alive - Ny EP

Regnfrakken og selbuvotten

Sangen om regnfrakken og selbuvotten er endelig åpen for alle. I løpet av kort tid vil den være tilgjengelig på Spotify og andre digitale medier.
Tekst og musikk av Karoline Taraldsøy - www.karolinetaraldsoy.com Regnfrakken og selbuvotten er laget på bestilling av barnebokforfattertne May H. Myhre og Mona K. Quasny - www.selbuvotten.no Innspilt i Karmøy Lydstudio - www.karmoylydstudio.no Illustrasjoner av Lina Lillejordet

Cden "Ta deg tid" kan bestilles via mail, sjå under fana "Kontakt". Du finner meg og på Spotify, WIMP og iTunes.

5. apr, 2013