13. okt, 2014

Frankrike

Lenge siden eg har skrevet her nå. Siden sist har eg vore ei veka i Frankrike. Eg har budd ei veke i den norske versjonen av Kardemommeby rett og slett. Verdens BESTE hotell! For dei som ikkje har høyrt om La Jabotte, i Antibes: Sjekk det ut :-) FOR ei veke det var, også denne gongen. Ei heil veke saman med tre andre skrivedamer, der me har brukt det meste av dagane på skriving, eting, gode samtaler, og ikkje minst: mykje latter! Me har sjølvsagt hatt program, der me har hatt samlinger morgen og kveld, gått gjennom kva planar vi hadde for dagen, og høgtlesing om ettermiddagen der me las opp noko av det me hadde skrevet om dagen. Nydelig mat er jo sjølvsagt at me har kosa oss med. Berre det å gå til duk og dekka bord kvar dag i ei veke er jo ein drøm i seg sjølv, og det er ingen ulempe at det er mykje god mat å velgje mellom.

Eg har jobba bra denne veka i Frankrike. Heile 3 sangar kom eg i gong med på den veka, det er ganske mykje synes eg. Men det er klart, eg må sjølsvsagt reinskriva meir her heime, ta med meg inspirasjoner fra veka, og sy saman på ein måte som gjer at det føles rett. Eg må berre vente på at energien og skrivegleden skal komma tilbake først. Det kjennes plutselig heilt greit at eg har begynt å skriva på engelsk, merkelige greier i grunn. At ein ting eg har vore i mot, plutselig kjennes rett... Jaja, framøve så skal eg slutta å stressa meg opp over kva språk eg skal velga. Eg skal skriva songar som er rette for MEG, enten dei er på engelsk eller norsk, så det så:-)

Veka etter at eg kom heim har gåt med til soving, soving og SOVING! Når eg ikkje har sove, har eg gått og håpa at eg snart kan gå å legga meg. Håpar det avtar snart, det er tross alt ei veke sidan eg kom heim.