31. okt, 2014
Eit skrivande menneske
Eg er eit skrivande menneske,
full av tankar
om både det trulege og det utrulege.
Det er aldri stilt i mitt hovud, d
et poppar opp idear når eg minst anar det.
Nokre gonger MÅ eg
skriva
det ned
i den augneblinken
ideen kjem
Andre gonger derimot
sit det skrivande ordet
så langt inne
at eg er sikker
- dette er berre tull
Men i gylne augneblink
kjenner eg
at det
betyr ingenting
om orda kjem
- nå eller då
Orda kjem dei
når berre tida
er moden
© Karoline Taraldsøy
Nyeste kommentarer