29. des, 2014

Late dagar

Det er herlig med jul og late dagar. Stova er full, det same gjeld forresten kjøleskapet og. Det samlar seg støv, rot og oppvask, men heldigvis samlar det seg aller mest gode minner. Me har sikkert åte nok for fleire veker framover, likevel skal me samlast for familiemiddag igjen i morgon. Men eg tenker at når eg sit på gamlehjemmet skal eg ikkje tenka tilbake og hugsa korleis eg stressa med alt som "måtte" gjerast til jul eller andre dagar. Eg vil så mykje heller tenka på alt det kjekke me hadde i lag. For mitt vedkommande så betyr det at "rot får vera rot" - samhold er viktigare. 

 

Når eg først er inne på det med at det er fullt av allslags i disse tider, så må eg sjølvsagt nevna at hovudet mitt OG er fullt om dagen. Sånne kjekke dagar der me er mykje saman, ler og har det gøy ilag, så betyr det samtidig at eg ikkje får bearbeida tankane mine i fred og ro slik eg treng. Derfor må eg sei at eg er glad det ikkje er jul fleire gonger i året ;-) Eg har det så kjekt at eg ikkje tenker så mykje over det, men plutselig er det som om noko ropar inni hovudet mitt.

 

- DU MÅ VER ÅLEINA LITT NÅ!

- DU MÅ SKRIVA!

- DU MÅ SYNGA!

 

Så nå sit eg altså her med lap-toppen på fanget og skriv om ingenting...det er nyttig det og :-) 

Trangen etter å skrive har meldt seg, men sangane som eg kjenner ligg og lurer bak i bakhovudet mitt vil ikkje komma fram. Kanskje er det eg som ikkje vi sleppa dei fram...? Hmm.. Uansett, trangen er der, og eg trur nok at det kjem noken strofer når tida er moden. Eg spelar gitar, søker opp nye sangar eg ønsker å læra meg på gitaren, og kosar meg med det mens eg ventar på at egne sangar skal bli klare for papiret. 

 

Eg er så heldig at eg har fått vita at det ikkje finnes noko som heiter skrivesperre, så derfor skriv eg her, og kjenner at tankane fyk avgårde og gleda eg kjenner er vanskeleg å setta ord på. Tankar om novellskriving og bokskriving lekar litt med meg og, så det er ikkje godt å sei kva 2015 vil bringa meg.

 

Men ein ting veit eg:

I 2015 skal eg gjera mest mulig av ting som gir meg glede. Eg skal bruka tid på å tenka over kva som er bra for MEG, korleis EG ønsker å ha det, og nyta livet så godt som eg berre kan. Eg skal ikkje laga meg nyttårsforsett om å slutta å røyka, eller å bli flinkare å vaska huset oftare. Eg skal heller ikkje lova meg sjølv at eg skal begynna å trena. Eg skal gjera ting eg har lyst til, ting som gjer meg glad :-) 

 

Ein av tinga som eg veit er bra for MEG:

Eg skal til Frankrike for å skriva, dikta, komponera og synga heile to gonger - o lykke :)