7. mar, 2015

Ting tar av og til fryktelig lang tid.

I lang tid har eg gått og kjent på skrivetrangen. Trangen etter å skapa noko att. Innimellom kjem det nokre ord eg tenker kan vera bra for neste song, men like fort som dei kom - er dei vekk. Fordufta. Blitt til luft. Til ingenting. Eg lurer på om orda mine har tatt slutt, men så kjem eg på at så lenge det ikkje er stille i toppen min så er det håp. 

 

Den sangen eg holder på med nå, har vert i skallen min altfor lenge kjennes det ut som. Eg har så lyst at den skal bli ferdig. Det kjennes som eg veit korleis den skal bli, eg har kjent det lenge. Men, som med så mange andre songar så er den ikkje klar, ikkje i dag heller. 

 

Teksten tok ei ny vending i kveld, men melodien er den same. Eg lurer på korleis teksten blir til slutt. Kjenner eg slit med å venta på Frankrike-veka mi i mai. Ei heil veke åleine denne gongen, ingen skrivedamer skal vera med. Det er berre meg. Korleis skal det gå? Kjem eg til å finna orda mine den veka, eller må eg venta heilt til hausten, når dei andre skrivedamene skal vera med? 

 

Eg skriv litt på engelsk og litt på norsk. Kjenner på at det er spanande å tenka på engelsk, samtidig som eg saknar det å skrive på norsk. Eg er så ufatteleg glad i det norske språket vårt, det er godt å uttrykka seg på sitt eige mål, si eiga dialekt. Det er noko ekte og sterkt med eit direkte budskap synes eg. Eg likar ikkje å pakke inn tekstane mine med "vakre fraser". Samtidig så har det engelske språket noko med uttalen som er så godt. Kanskje har det og med at det er lettare å "gøyme seg" litt bort med engelske gloser? Det er som om orda ikkje blir så sterke.

 

Kanskje det er slik eg skal ha det, at eg skal bytta litt mellom dei språka? Eg får iallefall skriva det som kjem til meg, på det språket som snakkar til meg der og då, så lenge det kjennes rett for meg. Det er tross alt det viktigaste, at ting er rette - for MEG! 

 

Heldigvis har eg gitaren, og mange, mange songar eg kan synga på mens dei oppi skallen får jobba som dei vil :-)