16. mar, 2015

Tekst

Det er ein god følelse å gå å kjenna på nye tanker, nye idear, nye komposisjonar. Det er travle tider om dagen, og det er ofte då slike tankar kjem. Det er som om tankane jobbar fortare, jo travlare dagane er. I morgon er siste forestilling med revyen, og med det er det slutt på ein travel, men veldig kjekk periode. Eg treng ikkje lengre gå og lagre på "ny-pugga" tekstar, men la mine eigne tekstar komme fram i dagen. 

 

Denne nye country-låten hovudet mitt arbeider med om dagen. har tatt ei vending eg kan lika. Det var ein dag det kom ein slags ny tanke til eit vers eller to. Nokre stikkord er skrevet ned, men er det nok til å fylle heile songen? Melodien trur eg blir som den var tenkt i utgangspunktet. Mens sangen arbeider litt på eiga hand, tar eg fram gitaren og ser om eg kan klare å lære meg ein ny sang av Dixie Chicks :)