26. mar, 2015

Maktesløyse

Somme gonger er ein heilt makteslaus. Situasjonar ein rett og slett ikkje KAN gjera noko med. Ønsket om å KUNNA gjera noko er så sterkt at ein mest blir rive i to. Det dirrar og kjem snikande ein slags verk som ligg i kroppen og ikkje kjem laus.

 

Somme gonger er det enkelt å bestemme seg for å godta at ein ikkje kan gjere noko med det, andre gonger verkar det umogleg å sjå føre seg at ein faktisk ER makteslaus. Det er dei gongene ein føler seg EKSTRA makteslaus. Eg trur at somme gonger kan det vera bra å kjenna på den tyngste makteslausheita. Tillate seg å "gå i kjellaren". Tillate seg å vera lei seg. Tillate seg å synast synd i seg sjølv. 

 

Når eg er i slike "djupe dalar" set eg meg ein slags tidsfrist for kor lenge eg skal kjenne på desse vonde følelsane. Det er ikkje alltid eg held fristen, men det gjer ingenting fordi eg veit at eg har eit mål om å komme meg opp att. 

 

Når maktesløysa gjeld andre menneske, kanskje nære vener, og ein veit at ein ikkje kan gjera noko som helst, då er det ekstra tungt. Men om ein er makteslaus så kan ein likevel gjera noko. Ein kan vera der for dei som treng ein, vise si medfølelse, lytte, snakke, le og grina. Om ikkje maktesløysa forsvinn, så blir den i det minste lettare å bæra. Ein er ikkje åleine.