7. apr, 2015

Tanker etter å ha sett dokumentaren En rose under snøen

Sterk film med et vondt og vanskelig tema. Rusavhenginghet e så ufattelig vanskelig å forstå. Det kan og ver svært vanskelig å snakka om for pårørande. Mange lever i konstant frykt for om "deira" rusavhengige klarer seg gjennom natta, andre lever i frykt for at "deira" rusavhengige skal komma med drapstruslar til familien, eller at andre i rusmiljøet skal komma og trua dei på livet. Tenk at denne pappaen har klart å finne sin måte å takle sorga på. Hans trøyst er å reisa rundt og holda foredrag om dette. Det er utruleg sterkt å sjå at ein far klarar å gjere det etter å ha mista dotter si i rusen.

 

Eg vart sittande med tankane mine etter dokumentaren. Tenkte på alle dei som trur at dersom "det eller det" hadde vore gjort, så hadde "den eller den" ikkje vore rusavhengig. Eg har ikkje tru på at det er slik. 

 

Kven blir rusavhengig?

Hadde det vore ein fasit på det så hadde me ikkje hatt problemet! Nokre smakar ei øl og blir avhengige med det same. Dette viser seg ofte ikkje før ein har drukke ei stund. Ein kveld er kanskje denne full nok til å ta i mot narkotika, finner det spanande og gøy, og før ein veit ordet av det så har ein kanskje satt ei sprøyte. 

 

Tenkte situasjonar:
Ei 13 år gammal jente blir forelska i ein flotte gut i 15, 16, 17 års alderen. Han overbeviser henne om å prøve narkotika fordi det er ikkje farlig. Han har brukt det til fest i fleire år og er ikkje avhengig... Plutselig er ho hekta...

 

Ein 12 år gammal gut har hatt ein tøff oppvekst. Ingen trygge rammer, ingen vaksne å stole på, vold og rus er kanskje det einaste han kjenner til. Det er ein kort veg inn i rusavhengigheten. 

 

Ein baby blir født, mora har rusa seg heile svangerskapet. Denne ungen blir født rusavhengig, men ingen lærer han/ho at han/ho ikkje må smaka rusmidler. I det øyeblikket denne babyen blir tenåring og smakar på rusen, er rusavhengigheten eit faktum.

 

Ein 16 åring, skulens flottaste, kulaste og mest populære testar ut grenser for å visa at han framleis er KUL. Fort gjort, og livet er ute av kontroll før ein anar det.

 

Barn som er utsatt for overgrep finn trøyst i rusen. Mange har ingen å snakka med, ingen dei stoler på osv. Ung og dum? Kanskje det, men mest av alt er det trist at systemet ikkje klarar å fange opp slikt <3

 

Ei 30 år gammal mor er ute for ei bilulykke. Smerter gjer at ho går til legen. Her får ho hjelp i form av smertestillande tablettar. Det går ikkje lange stunda før tablettane ikkje verkar. Sterkare medisiner skrives ut annakvar gong ho har ny time. Mora har ingen aning om at hu har blitt rusavhengig, trur det er smertene som tar knekken på ho. Legen har ikkje gitt åtvaring om faren for avhengighet, og har berre "pøst på" med sterkare og sterkare medisiner. Ein skulle tru ein kunne stole på legane...mange mødre og fedre har dessverre blitt rusavhengige på denne måten, i vaksen alder, så fryktelig trist og unødvendig!

 

Det er ikkje slik som mange trur, at dei som "berre" drikk i helgane ikkje kan vera rusavhengige. Det er også feil at dei som drikker kvar helg MÅ vera rusavhengige. Det er ingen fasit på kor mykje som skal til før ein vert avhengig. Det er mange som røyker sigaretter "kun på fest" Nokre av dei er kanskje avhengige, andre ikkje. Om eg røyker ein sigarett til dagen, eller om eg røyker 30, så lenge eg MÅ ha mitt antall røyk, så er eg avhengig. Slik er det også med alkohol/piller/narkotika.  

 

Det tar tid for dei aller fleste å skjøna at dei er FANGA av rusen. Det som for mange begynte som ein lek, har blitt livstruande for både rusavhengige og pårørande.

 

Eg vil understreka at dette er MINE tanker om detet tema, det er ingen rapport som kan dokumenterast utfrå verken det eine eller andre tidsskriftet. Som pårørande har eg opplevd, erfart, snakka med mange osv. Det er eit vanskelig tema, som er ekstra vanskelig å snakka om med folk som ikkje har opplevd dette sjøl, nettop fordi dei som ikkje VEIT korleis det er IKKJE veit. Det er så mykje fordømming at eg blir trist.