16. apr, 2015

Frankrike

i dag er det tre veker til eg sit i herlige Frankrike! Då turen vart bestilt såg eg ikkje enden på kor lenge det var til avreise, og plutselig er det berre tre veker igjen! 

Eg ska bu på verdens herligaste hotell, ilag med ei fantastiske diktar-venninne, og verdens beste hotellvertskap :) Ei heil veka i musikkens tegn, det blir ikkje betre enn det! Då tar eg med meg gitaren min og favorittboka eg skriv nye songar i.

 

Eg har fleire songar på gong, men i ein travel kvardag er det ikkje alltid så enkelt å få nok tid for meg sjølv til å klara å gjera dei heilt ferdige. Inspirasjonen er på plass, eg skriv, tenker, skriv, og tenker litt til. Når eg er skikkelig "på" og skrive som aller best, kan det plutselig sei stopp. Då legg eg vekk songen, gjere noko anna, eller kanskje eg startar med ein ny sang. Det eg ofte syns e rart, e at songen arbeider videre utan at eg er klar over det. Eg kan til dømes våkna og oppdaga at eg veit korleis resten av sangen skal bli. Det er ikkje alltid den blir ferdige på papiret, men eg kjenner at den er klar, og veit at papiret er klart når orda er klar til å gjere seg til kjenne :)

 

Men altså, i Frankrike - DÅ kjeme resten av ein eller to songar, kanskje til og med ein ny, kven veit? :) Eg skal iallefall nyta ei heil veka i mitt favorittland, kosa meg med gode vener, god mat, god musikk, og mange mange maaange gode samtalar Hjerte