29. apr, 2015

Kvardagen

Konfirmasjon vel overstått. Me leide lokaler med kokk og serveringshjelp, så alt gjekk på skinner, men det var visst litt å forberede likevel. Alt tar lengre tid enn ein trur, og på eit blunk så er det heile ferdig. Lufta gjekk rett og slett ut av meg, og nå kjenner eg at eg ser SÅÅÅÅ fram til eg reiser til Frankrike neste veke. Tenk, eg skal vere der ei heil veke, skrive, tenke, le, prate, ete, tenke og skrive litt til. Kanskje blir det tid til eit strandbesøk og, dersom varmen tillet det. Gitaren er sjølvsagt med, så eg skal jo synge, synge og SYNGE - heile veka :)

 

Men aller først: Eg gleder meg til spelejobb på Deilig i Sveio til helga. Eg får heilt sikkert inspirasjon eg kan ta med meg til Frankrike :-)

 

Plutselig tilbake med eit eller anna skriveri-greier, men nå: God natt :)