21. mai, 2015

Smerten og håpet

Idag har eg sunget på seminaret "Smerten og håpet", arrangert av Veiledningssenteret for pårørende i Haugesund. Eg var så heldig at eg fekk vera med på heile seminaret fra 09.00 - 15.00  og fekk med meg alle innlegga - fantastisk mykje bra! 

 

Eg kunne holdt et langt foredrag berre om det å forklare korleis EG har opplevd mitt liv som pårørende til rusavhengige, min vei UT av medavhengigheten, min kamp for MITT liv osv. Det skal eg ikkje gjera - ikkje i denne omgang ;) Ved rett anledning derimot, så kan eg gjerna holda foredrag om dette, sjølv om det ikkje nødvendigvis vil vera lett.


Eg har berre lyst å sei kor viktig det er at me alle tar ansvar for vårt EIGE liv! La også dine medmennesker ta ansar for DEIRA liv! 

 

Eg kan ikkje leva andre liv enn mitt eige, eg kan ikkje ta ansvar for andre voksne menneskers valg, me har alle eit ansvar for EIGNE valg me tar - og - JA: 

 

ME HAR ALLE EIT VAL

 

Korleis ein vel å FORHOLDE seg til forskjellige kriser og vanskeligheter er faktisk noko ein kan velge. Ein kan ikkje gjere noko med det som HAR skjedd, men ein kan sjølvsagt velge korleis ein vel å takle det, bearbeide, fortsette livet osv.

 

Lett? NEI! Det er ikkje lett, ofte er det å ta ansvar for sitt eige liv noko av det mest skremmande ein kan forestille seg.

Gi slepp på bitterhet, sinne, sjølvmedlidenhet - lett? NEI! Men ein kan faktisk velge om ein vil "sulle seg inn i det", mate dette udyret, eller om ein tar eit val om å bearbeide, og å gå videre med ei anna haldning. 

Dersom eg brukar meg opp på andre mennesker som ikkje ynskjer hjelp, har eg jo ingen krefter igjen til å hjelpe den dagen dei VERKELEG ynskjer hjelp. Kven er tjent med at alle "ligg i grøfta"?

 

Eg har min porsjon sjølvmedlidenhet, sinne, sorg, alle slags følelsar. Eg anser meg som ganske normal som har desse følelsane ;) Ein metode eg brukar, og som fungerer for meg - i dag, kanskje ikkje om 10 år - er at eg tillet meg sjølv å synast synd på meg sjølv når eg kjenner ting bli vanskelig. Meg eg lar ikkje dette styre livet mitt, eg velger å lage meg ein tidsfrist på kor lenge eg skal få vere i min "sjølvmedlidenhetskjeller". Eg synes det er godt å tillate meg sjølv å kjenne på vonde følelser, men eg nektar dei å sette seg fast i meg. Når tidfristen er over er det veldig godt å kjenne på at eg har gitt meg sjølv lov til å ha det vanskeleg, samstundes er det ein siger at eg kjem meg opp frå kjellaren på eigen hand.

 

Når ein føler at det er noko som "skurrar" så har ein som regel rett. Ta ansvar for eige liv, og overlat til andre å ta ansvar for deira liv. Det har vist seg mange gonger at det er det einaste rette:)

 

Ta vare på deg sjølv og dine følelsar. Det er ditt liv, og ditt ansvar.