29. jun, 2015

Mine sommarnetter

Sommarnetter er fredelige og gode. Alle andre har lagt seg, og eg sit oppe og nyt stillheten. Det er ikkje så mange nye sangar på gang, men eg ser film, spelar litt på gitaren, og tenker på alt mulig - og ingenting.

 

Dei nye, halvferdige sangane mine lever sitt eige liv, men er visst ikkje heilt klare til å visa seg for meg med ord enda. Likevel er det noko fantastisk med desse periodane. Eg veit at ein prosess er i gang. Eg veit at eg skapar noko, sjølv om det tar tid.

 

Det er veien fram mot målet som er viktig for meg, fordi i det same ein ny melodi/tekst er ferdig - så berre MÅ eg finna ein ny veg fram mot neste mål. Det er fantastisk korleis me mennesker er skapt i grunn :-)