11. aug, 2015

På tide å avslutta ferien

I år har det vore godt å ha lang sommarferie. Det har vore ein tung og vond sommar, med stor sorg i familien, men me har også vore nøydde for å leva våre egne liv. Det er ein vanskelig balansegang å ta vare på seg sjølv og sin næraste familie, i tillegg resten av storfamilien. Det tærer på krefter å sørga, men det tærer nok meir å stenga det ute. Eg personlig har gjort begge deler. Sorg er noko som tar tid, og nokre sorger bærer ein på resten av livet. Vår store sorg er dessverre ei slik sorg som me må bæra med oss resten av livet. Håpet er at det skal bli lettare å bæra sorga når me tar tida til hjelp.

 

HjerteDet vil alltid vera ei som manglar i familien Hjerte 

 

Eg vil ta med meg alle gode minner, le og grina når eg treng det. Når eg er sterk nok vil eg snakka om hu, og minnast alt det gode. Når eg er åleine vil eg ta fram tårene og savnet over alt me har mista. 

 

Eg har hatt ein lang sommarferie fordi eg har hatt behov for å ikkje måtta prestera, behov for å vera åleine, behov for å vera ilag med familien, og behov for å skriva. 

 

Nå er me i august, og eg er klar for å ta tak i livet mitt igjen. Eg er ikkje så sterk enda, men eg har begynt med små steg å planlegga hausten. Eg startar første spelejobben min på saloonen på lørdag, og kjenner eg gleder meg veldig til det. Helga etter spelar eg på et privat arrangement. 29 august blir det ein STOR begivenhet i familien, då min eldste sønn skal gifta seg. 12 september spelar eg på fjordkroa i Skånevik. Såå får eg jobba med å booka andre jobbar etter kvart utover hausten. Rett og slett ta ting i mitt eige tempo.