23. aug, 2015

Travel haust i møte

Ei veke igjen til eldstemann giftar seg! Panikk? Neida...hehehe... Det er litt forskjellig som må gjerast i innspurten, og innimellom lurer eg på om me kjem i mål. Eg satsar på at det går godt:-) Har litt dill og dall som gjenstår på bordpynten, blant anna må eg sy nokre meter med løpere. Ellers manglar det litt på handlelista, sangheftet - og ikkje minst TALEN! Eg satsar på at det går seg til det og etter kvart.

 

Eit par spelejobbar har eg booka, men eg har visst eindel anna på tapetet og, så eg er ikkje ledig for speleoppdrag på lørdager før 17 oktober. 

 

Mandag 5 oktober tar eg ut på mi årlige "diktarreise" La Jabotte, Antibes i Frankrike. Det er verkeleg drømmeplassen på jord! Eg gleder meg stort til den turen. Eg skal være heile 11 dagar denne gongen, spennande, skummelt og garantert fantastisk :-) 

 

Eg har ein liten pause i komponeringa nå når bryllupet står for døra. Satsar på å komme i gang med litt stikkordskriving og tankearbeid etter at eg har lada ut etter bryllupet. Alltid greit å ha "litt på papiret" når eg reiser, sjøl om tidligare erfaringer har vist at eg ofte får heilt nye idear når eg er på Jabotten :-) Det nærmar seg at eg har nok materiale til eit nytt album, men det er ikkje aktuelt å starte arbeid med det med det første. Muligens eg vurderer ein singel i løpet av neste år - time will show ;-)