24. aug, 2015

Sommer og sol

FOR en nydelig dag det har vert i dag! Me har hatt storinnrykk av familie på soling, bading og grilling. Etter å ha budd i huset vårt i 6 år e me fremdeles lika takknemlige for bassenget! På sånne dager som me har hatt i dag e det virkelig berre en nytelse å ha en sånn luksus! Sommaren i år har ikkje akkurat vert så veldig varm, så å få denne varme veka sånn heilt på tampen før hausten sette inn e berre en fryd! Alt eg skulle ha gjort har blitt utsatt fordi eg har heller prioritert å nyta desse dagane, å det må ver det luraste eg har gjort nokon gong :-) 

Kvardagen kjem den, regnet kjem, hausten kjem osv...Men denna sommarvarmen har eg ikkje tru på at me får igjen før neste år. Då er det berre ein ting å gjer: Nyt kvar einaste solstråla! Eg har nesten vert redd for å få liggesår av å ligga i solsenga..hehehe...

Men nå er det berre 6 dagar igjen til bryllupet, så i morgon - i morgon - men ikkje i dag ;-) Har begynt å få litt meir kontroll på tinga, og i måro skal eg få unnagjort endå litt meir. Dessutan har eg delegert litt, og fått litt meir kontroll på kva eg har delegert;-) FOR en glede det er at eldstesonen vår skal gifte seg. Eg gleder meg stort til lørdag :-)

 

Når eg kjenner etter på "gitarfingrane" mine, så trur eg dei er takknemlige dersom det blir litt mindre sol - og heller litt meir speling ;-) Det går seg nok te etter kvart det også :-)