27. okt, 2015

Forberedelse til foredrag

Eg har erfaring som pårørande til rusavhengige, og er derfor medavhengig. Eg skal holda eit erfaringsinnlegg om medavhengighet. Eg har aldri gjort det før, og det er både skummelt og spennande. Mest av alt gleder eg meg. Det er godt for både kropp og sjel å få snakka om ting. Godt å sleppa å skjula ting. Godt å få dela av eigen erfaring til mennesker som kanskje aldri har høyrt om det. Eg har meir erfaring enn eg ynskjer, meir erfaring enn dei fleste vil kanskje nokon sei, men eg har samtidig mindre erfaring enn andre igjen. Slik er vel livet.

Idag våkna eg to timar før klokka skulle ringa, og plutselig kom skrivetrangen. Mange av tankane mine blei forma i det som skal bli mitt første erfaringsinnlegg. Eg er nå halvvegs i innlegget når eg ser på klokka, men eg er langt frå halvvegs når eg tenker på alt eg har lyst å sei. Eg har mykje på hjarta, men eg kan ikkje sleppe alt ut på ein gong. Eg må komprimera, tenka nøye gjennom kva som er viktigast. Innledning, hovuddel og avslutning lærte me på skulen, og det er nok det som må til her og. Eg likar å uttrykke meg gjennom skriving. Somme gonger kjem det som dikt, andre gonger blir det ein sang av det. Denne gongen skal eg skrive meir fritt, men eg har likevel ein tidsfrist eg må forholde meg til.

Eg er så heldig at eg skal få kombinere erfaringsinnlegget med sang. Mange av sangtekstane mine er retta mot indre følelsar, og eg håpar sang og erfaringsinnlegg komplementerer kvarandre slik at lyttaren sit igjen med ein god følelse.

Eg likar nye utfordringar, særleg når det er noko eg brenn for. Eg er takknemlig for at eg har fått mulighet til å dele av mine erfaringer, og ser fram til å få prøva ut ei ny side av meg sjølv.