2. nov, 2015

1. november allereie

Eg synes nett sommaren var slutt men no viser kalenderen november allereie!

KulDet betyr at det snart er JUL!!! Kul

Eg er av dei heldige, eg gler meg til jul kvart år, og idag starta eg litt av forberedelsane. Eg har sydd to julekalendere nesten ferdige, og påbegynt ein tredje. Eg kosar meg med slikt syssel, og kjenner at det er godt for kropp og sjel å få skapa noko sjølv. Ei anna positiv side av slike hobbysysler er at hjernen jobbar på ein anna måte, den har liksom fri, sjølv om den jobbar. Den har fri i den forstand at eg ikkje grublar på noko som helst når eg sit med symaskina. Sjølsagt må eg tenke, men tankane er friare og lettare enn når eg arbeider med komponering. Hjernen tar ein pause frå komponeringa, men det har vist seg tidlegare at når eg jobbar kreativt med hobby-sysler, så våknar eg plutseleg ein dag og er klar med ein sang. Underbevistheten er ei rar greie, men tankar som opptar oss ligg og "godgjer" seg når ein legg dei vekk litt, og kjem ut når dei er klare. Det gjere godt :)

 

Eg håpar DU gler deg til jul

Eg håpar DU får ei god førjulstid

Eg håpar DU vert glad av å glede andre

Eg håpar DU er glad i deg sjølv

Eg håpar DU leitar etter gleder kvar dag

Og eg ynskjer DEG ei fantastisk førjulstid, anten den allereie har starta, eller om du ventar både ei og fleire veker før du kjem i "julemodus".