7. nov, 2015

Å ikkje vera fornøyd...

Eg føler meg så heldig som får songoppdrag. Folk som ønsker at EG skal synge for dei. Eg kjenner meg både stolt, rørt og glad når eg får forespørsler. Det er ei tillitserklæring. Eg tar alle mine oppdrag seriøst, eg bruker tid på å forbereda meg mentalt, øver på songane eg har blitt bedt om å synga, tar meg god tid på badet for å visa at eg tar oppdraga mine seriøst. Forsøker å finne klede etter kva anledning eg skal synge i osv.

Nå er det ein gong slik at ingen dagar er like. Nokre dagar kjenner eg at det blir bra i det same eg startar å synge, andre gonger kan det kjennast som om eg ikkje får det bra til uansett kor mykje eg strevar gjennom songane. Då kjem frykten snikande. Tenk om dei trur eg ikkje bryr meg om å gjera det betre? Tenk om dei tenkjer at hu er då ikkje akkurat SÅ flink, eg kan ikkje forstå korfor folk har anbefalt henne? Eg kan bli veldig sliten av å tenka slik, og somme gonger klarar eg å legge dei vekk, andre gonger "gneg" dei seg inn under HEILE opptredenane! Formen min er IKKJE bra når eg er ferdig å synga etter slike opplevingar!!!

Eg bruker mykje tid på å tenka gjennom kva det var som gjekk galt, og kva eg kan gjere for at det ikkje skal skje igjen. Ofte går det bedre dei neste opptredenene, men så skjer det igjen. Heldigvis er det ikkje så altfor ofte eg kjenner på dette, men tvilen ligg der og lurer likevel. Men eg er STA, og gir meg ikkje så lett, så eg jobbar på og er både stolt og glad for tilliten eg blir vist av så mange!

Eg må bli flinkare å snakka positivt om meg sjølv! Eg gjer så godt eg kan på kvar opptreden, eg tar alle kundane mine seriøst, eg trives med å stå på scenen, og når eg kan formidla eit budskap likar eg meg aller best! Det er noko med den følelsen av å GI noko til folk, gi dei ein følelse, håpa dei kan sitje og kose seg mens dei høyrer på meg, at dei føler eg er der - for DEI! Det gir meg så ufattelig mykje!

Eg vil at alle skal vite at eg BRYR meg, eg er takknemlig for tilliten eg blir vist, eg føler meg priviligert som får så mange forskjellige oppdrag, eg er verkeleg heldig!

 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte