8. nov, 2015

Å hoppe etter Wilhelmsen...

Eg fekk eit speleoppdrag på Snikkeriet i Rosendal, og syns det var veldig kjekt å få prøve meg på ein plass eg ikkje har vore sidan eg starta som trubadur i januar. Ikkje så lenge etter, så ringer Eli og lurer på om eg synes det er greit at Unni Wilhelmsen skal holde konsert før meg? Å ja, kan skjønna det, seier eg. Eli spøkar med at det er ikkje alle som kan seie dei har hatt Unni Wilhelmsen som oppvarmingsband.

Så kjem dagen, eg og søskenbarnet mitt m/venner kjem til konserten. Unni startar å spele, og me koser oss. FOR ein artist! Publikumstekke manglar det ikkje på. Gode historiar med mykje humor i, fortellingar om songane og forskjellige episodar. Hu er flink, har publikum i si "hule hånd".

SÅ kjem tankane! HIMMEL OG HAV! Ka E det eg har sagt ja til? Unni Wilhelmsen som oppvarming liksom!!! Jadda!!! Eg har også fått vita at HENNES lydmann skal stille lyden for meg! Men i alle verdens, skal dei ikkje være gått før eg startar? Skal dei høyre "kjøkkenbords-gitarspelinga" mi??? Eg trur dei er riv ruskande galne! Å eg? Eg får bekrefta at EG er iallefall riv ruskande galen! Seia ja til eit slikt oppdrag - eg som er så fersk i faget at folk mest ikkje trur det når eg seier kor gammal eg er...hehehe...

Unni har altså 20 - 25 års erfaring! Det har jo forsåvidt eg og det....som MOR iallefall...hahahaha... Husmor på 43 år startar som trubadur, og

Unni nemner at ho har fått spørsmål frå presse om det kan stemme at mange i Norge trur at kvinnelige artistar "forsvinn" etter fylte 40... Eg er veldig glad for at hu avkrefta det:) Eg klarar ikkje gjenta hennes gode måte å sei det på, men trur meininga er forståeleg ;) Og der sitter eg - 43 år - heilt fersk som trubadur - JADDA - det e jo lov å drømma....hihihi...Men eg kan iallefall kryssa av ein ting på lista mi:

Eg har hoppa etter Wilhelmsen!!!

Det er noko i utsagnet om at ofte er lykken bedre enn forstanden, og i mitt tilfelle trur eg det stemmer ganske ofte;) Sjølvtilliten går opp og ned, i mange tilfeller er det ingen tvil om at lysta er mykje høgare enn evnene, men eg nektar å la det stoppe meg fra å gjere det eg har lyst til. Eg hoppar i det, og bryr meg katten i om andre syns eg er for gammal, ikkje flink nok osv, eg berre GJER DET! Konsekvensene komme kanskje i etterkant, men det tar iallefall ikkje vekk glede min med å ta ting på sparket, ta ein sjang, kosa meg mens eg endo både VIL OG KAN! :)

Kanskje det kan skje at eg lærer noko viktig og mens eg hoppar i det ukjente,

og ikkje har bedre vet enn at eg tar sjansen;)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte