6. des, 2015

Eg skriv og eg skriv :)

Nok ei seine natt sitte eg oppe og skriv. Det er eit lengre skriveprosjekt som er på gang, og det er faktisk veldig godt å berre skrive. Sleppe å tenke på kva rytme eller rim som blir best, sleppe å leite itte ord som passar saman, ord som er lange nok, eller korte nok til å passe inn.

Eg er sjølvsagt nødt for å ha ein struktur på dette skriveprosjektet og, men i og med at det er såpass stort, så er det viktigaste akkurat nå å få ned tankar og ting og tang som er relevante for prosjektet. I natt var det ikkje berre stikkord og tanker som kom, men ord på ord, linje på linje og side opp og side ned. Det e veldig spennande å jobba med ein heilt anna ting enn eg er vant med, og om det går som eg vil er sjølvsagt ikkje sikkert, men lar eg det stoppa meg for å kosa meg nå? Nope :)

I februar står nok eit skrivekurs på timeplanen, og då håpe eg at eg har komt såpass langt i prosessen at eg vil få stort utbytte av all lærdom eg vett at eg få der.

 

HjerteTakknemlig for livet mitt Hjerte