26. des, 2015

Tanker midt i natto, etter å ha sett filmen "The Butler".

FOR ein sterke film! I 2015 skulle ein tru det var slutt på rasehat og diskriminering, og at likeverd for menneske var ein sjølvfølge. Dessverre er det ikkje slik. Eg lurer på kva det er som får menneske til å tru at nokon er meir verdt enn andre? Hudfarge, religion, legning, kultur, fattig eller rik, kvinne?

Tenkelege og utenkelege grunnar vert brukt som unnskuldning for å forskjellsbehandle andre menneske, og eg får vondt langt inn i hjerterota!

I filmen kjem det fram at hovedpersonen alltid hadde likt å oppvarte andre, men etterkvart vert han klar over at det ikkje skal vere slik. Han skal ikkje oppvarte andre FORDI han er svart, eller ha færre valg FORDI han er svart! Han skjønar at også han burde ha dei same rettighetene som alle andre menneske. Han vart opplært til å vere "husnigger"!!! Eg kunne skrevet mykje meir om filmen, men eg har valgt å skrive om ein UKULTUR som framleis eksisterer idag. Om forkastelege menneskesyn!

Slike menneskesyn kan ikkje bortforklarast med verken kulturforskjellar, hudfarge, religion eller andre DÅRLEGE unnskudningar! Dersom det er ein "vanleg kultur" i eit land som er opplært til å ha slavar, vil det seie at me berre kan flytte dit og få oss slaver? Eller å flytte til land der det er "vanleg kultur" å slå kvinner, slik at ein kan fortsetje med det? Kva med å flytte til land der det er "vanleg kultur" å skaffe seg kvinner som ikkje krev noko av mannen, men utfører tenester for mennene utan å få noko tilbake, bortsett frå kanskje nokre kroner?

ALLE menneske har same verdi, og SKAL behandlast med respekt og likeverd! 

Tenk om det hadde vore DI dotter? DIN son? Alle er nokon si dotter eller nokon sin son, og ynskjer det aller beste for sine eigne. Tenk over det neste gong du dømer eller utnyttar nokon!

At det i dagens samfunn endå finnes kvinnesyn som er så forkastelege at det vrenger seg i meg, er ikkje anna enn skammeleg. Når det då vert brukt "kultur" som unnskuldning vert eg endå dårlegare. Kanskje ein kan spørje seg: Er alle "kulturar" bra? Var det bra at det var "kultur" å ha slaver? Var det ein bra "kultur" at Indianerane vart jaga ut av heimane sine? Er det bra at menn fremdeles kan KJØPE seg kvinner, og kalla det "kultur"?

Kva er det som får menn til å tru at det ikkje er forskjell på om dei kjøper seg ei kvinne her i Norge, eller om dei kjøper ho til ein langt billigare penge i eit anna land? I tillegg kallar dei det ikkje å kjøpe...men at dei er venner, og at dei hjelper til økonomisk for at kvinnene skal kunna ta fri, samstundes som mennene ikkje ønsker eit fast forhold eller ekteskap? Kva mann er det som ønsker eit slikt liv for dotter si? Eg ser ikkje for meg ein einaste far som hadde likt det, og ingen far som hadde fått respekt for dottera sin "kjøpar"! Eg gremmes over at det fremdeles finnes slike menn!!! Skam dåken! Egosentriske tankar om å leva eit "ukomplisert" liv der ingen kvinner kan "blanda seg", flykt frå virkeligheten, og skammeleg kvinnesyn er det! Som om kvinner i andre land ønsker eit slikt liv, sjøl om det er "kultur" for det! Eg har endå ikkje hørt om at slavane syntes det var kjekt, sjølv om det var "kultur" for det på den tida! HALLO! VÅKN OPP! På tide å dra hovudet opp av sanden, og kanskje setje seg sjølv i motsatt situasjon kanskje? Men det er vel ikkje så lett, sidan menn ikkje er kvinner???

Eg syns det er heilt forferdeleg at eg i 2015 liksom skal vere takknemlig for at eg er fødd Norsk, kvit, heterofil, og at eg kanskje burde ha ønska at eg var mann? Eg får vondt langt inn i sjela! Me må aldri gi opp kampen om likeverd for ALLE menneske!!!

 

HjerteEg ber om at verden skal bli ein betre stad, der alle menneske har same verd Hjerte