31. des, 2015

Godt Nyttår

 

 

 

 

 

 

 

Det er umulig, sa tvilen
Det er farlig, sa redselen
Det er unødvendig, sa fornuften
Jeg gjør det likevel, sa hjertet

 
Årets siste dag, og 2016 er rett rundt hjørna. Dette året har vert eit begivenhetsrikt år. Eg starta min karriere som trubadur, og det har gitt meg både opp- og nedturar. Idag er eg ufatteleg stolt over at eg faktisk våga! Mange veit at eg har sunge i "alle år", men eg har aldri opptrådt med gitar på eiga hand før, å det har vert ei BRATT læringskurve! Ein er ganske sårbar når ein ikkje har eit orkester med seg, og når ein spelar gitar omtrent på nybegynnarstadie, då føler ein seg ikkje akkurat proff...hehehe... Men eg tenkte: EG TAR SJANSEN! Korfor alltid vera så redd for nye ting? Eg er ei PINGLA når det gjeld nye ting, men som regel så gir eg blaffen i nerver og evner og allslags og hoppar i det utan tankar for konsekvensane;) Meir enn ein gong har eg tenkt at nå klarar eg ikkje utsetta meg sjølv for dette lenger, men så er det likevel ei stemme inni meg som seier at eg ikkje kan gi opp å driva med det som gjere meg aller best. Det er musikken og hjerta som driver meg, og så lenge det kjennes rett så har eg tenkt å fortsetta :)

På privaten har det skjedd store forandringer.
Eldste sonen vår har gifta seg, og me har fått ei flotte svigerdotter og eit herligt barnebarn. Dei har flytta inn i nybygd hus, og me var så heldige at me fekk feira jul ilag med dei i år. Nest eldste sonen vår har flytta til Bergen for å studere, og blitt sambuar med sin flotte kjæreste som også studerer. Dermed har eg fått endå ei flotte svigerdotter. Yngste dotter vår går allerede siste året på ungdomsskulen, og i februar ventar scooter-lappen, så då blir det vel mykje reking på hu. Eg er så stolt av alle mie fantastiske ungar, og sjølvsagt også over svigerdøtre og barnebarn.

Året har dessverre også vore prega av ei stor, stor sorg! Me mista vår gode Rebekka brått og uventa. Det går ikkje an å vera forberedt på noko så vondt og tungt. Rebekka, tantejento mi, med det nydeliga smilet, den nydelige sangstemma, den fantastiske latteren, gledessprederen og solstrålo! Idag synger du og danser ilag med englane, eg gler meg til me møtes igjen Rebekka!

Nyttårsforsett blir vel, i år som i fjor, at eg vil gjera meir av ting eg har LYST te - MYKJE MEIR! Eg kjem til å fortsetta med musikken, og håpar på mange fine stunder med gitaren og publikum. Med musikken i mitt hjerta har eg det alltid godt. Musikken er mi trøyst, mi glede og mitt kall. 

Eg går inn i det nya året, lika edru som eg gjekk inn i detta året, og eg oppfordrar alle som feirar nyttår saman med ungar til å drikka meir brus :) Godt Nyttår folkens!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte

  

Bildet er henta fra Kjersti Munkejord Lamb's kunst, som har så mange nydelige bilder, med så mange flotte tekster som treffer meg rett i hjerta!