4. jan, 2016

Nok eit år i musikkens teikn :)

Så var me i gang med 2016, og eg ser fram til nok eit år i musikkens teikn. Eg starta året med å delta på Jam på den lokale puben, veldig kjekt å berre vera gjest og for ein gong skuld:) Korleis året mitt blir veit eg ikkje så masse om endå, men at det blir musikk er heilt sikkert! Eg er fryktelig dårlig på å øve, så det burde kanskje ver eit nyttårsforsett at eg skal bli bedre på det....men eg er enda dårligare på nyttårsforsett, så eg får sjå kor vegen tar meg, og kanskje endå viktigare: Kor VILJEN tar meg ;) Det viktigaste er tross alt å ha det gøy på vegen!

 

Det er ei stund sidan eg har skrive sangtekster, men eg har andre skriveprosjekt og så då må eg bytta litt på det. Eg kjenner det har vore godt for meg. Av sanger som er ferdige, så skal eg nå jobba litt meir med dei for å sjå om kanskje eit par av dei kan nærma seg klare for studio. Eit par av dei er sendt til musikarane "mine" i kveld, så får eg sjå kva dei seier. Det er ein prosess som tar tid, og kostar penger, så det er ikkje gjort i ein håndvending, eller som eg pleier å ønska - I GÅR!!! 

Eg skal på minst 3 skrivekurs i år. Eit i Haugesund i februar, eit i Rosendal i april, og sist - men ikkje minst - ei veke i Italia i oktober <3 Ellers skal eg fortsette å kose meg med musikken min, og ta ein dag om gongen. Natterangling er det nok ikkje slutt på i år heller, beste tida på døgnet kan ikkje sløsast vekk med soving veit eg ;) 

 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte