11. jan, 2016

Musikkprosessen akkurat nå

I kveld kom eg plutselig i sangmodus, og har sunget inn nokre låtar og videresendt. Det er ein veldig spanande prosess denna startfasen der eg sender vidare songar eg har laga sjølv. Det er skummelt å ikkje vita kva mottakaren synes om det eg har laga. Blir budskapet mitt forstått? Er låtane brukande osv.

Eg er eit impulsmenneske, så eg synes ikkkje det er noko kjekt med ting som tar tid. Når eg kjem på noko, vil eg ha det gjort så fort som mulig! Som skrevet her tidligare: Det skulle helst vore gjort i GÅR!!! Det å gi ut eigen musikk er ikkje noko som blir gjort over natta, det er mykje som må jobbast med før det kjem så langt. Eg veit ikkje heilt kor eg hentar tålmodigheten fra når det gjeld musikk, men det er ei stemme inni meg som seier at dette MÅ ta tid, det MÅ jobbast med for å få eit bra resultat. Akkurat nå har eg mest lyst til å synge songane mine til så mange som mulig for å sjekka om det er nokre som likar dei, men eg veit at det kan eg sjølvsagt ikkje gjera. Samtidig så har det litt som ein spent unge på julekvelden. Det er utrulig spennade å ha eit prosjekt på gang, noko som er berre mitt, noko som andre folk er spent på osv. Gleden og spenninga blandast med frykt for mottakelsen, så er forvirringa komplett ;) Det er ikkje ein stabile prosess eg er i nå, og tankane varierer fra positive og negative om ein an kvar einaste dag. Men så er det den stemma i hjarta då, den som seier at eg må gjera det som er rett for meg, gjera det som kjennes godt for meg, det som gjere hjerta mitt bra. Så når eg spør meg sjølv om kva i alle dagar eg helde på med? Då er svaret ALLTID - Musikken er det beste eg har, det er ingenting anna eg har meir lyst å drive med. Så då blir eg sittande og planlegga, kosar meg, og tenker at NÅ har eg det bra. Det er slik eg vil ha det.

Så kjem dei kreative tankane, og eg kjenner ord og tonar begynner og jobba i meg. Litt gammalt og litt nytt, og plutselig ein kveld så tenker eg at det kjem ein ny sang:)

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte