23. jan, 2016

Forbereding og planlegging

Det er ikkje noko åtte til fire jobb å vere musiker. Det krev både forbereding og planlegging, noko eg trives svært godt med. For meg er det balsam for kropp og sjel å få arbeide på denne måten. Året 2016 ser ut til å bli eit spennande år, med mange forskjellige oppdrag. Eg føler meg priviligert som får forespørslar om fleire forskjellige typar oppdrag. Som eg har skrevet tidligare, så har eg tatt sjansen på å forsøka å etablere meg som foredragsholder/erfaringsformidler innen rus og pårørande. Dette ser eg på som svært viktig og meiningsfullt. Det å få muligheten til å formidle av eigne erfaringar er hjelp også for meg sjølv. Det hjelper meg å halde fokus på rett stad føler eg.

Forskjellige oppdrag krev forskjellig planlegging og forbereding. Somme gonger får eg oppdrag der songane er bestilt av oppdragsgiver, andre gonger får eg forespørsler der eg sjølv må velge songar. Av og til brukar eg mykje tid og energi på å tenke ut kva og korleis, i tillegg til øving. Andre gonger krev oppdraga kanskje berre at eg friskar opp og sjekkar at eg har kontroll på dei forskjellige songane eg skal synge. Når eg får oppdrag som ikkje liknar på ting eg har gjort før, krev det mykje planlegging og øving, og så kjem nervene snikande, i større eller mindre grad. Noko av det eg syns eg vanskeleg, er at sjølv om eg alltid gjer mitt beste, så er ikkje alle dagar like. Det er ikkje alltid eg føler eg gjer ein god nok jobb, sjølv om forberedingane var bra. Nokre gonger er det som om stemma mi ikkje vil virka slik som den pleier, andre gonger blir eg plutselig nervøs utan å skjøne kva som gjer det. Det er aldri kjekt å gå heim frå eit oppdrag og vere redd for at oppdragsgivar synte eg gjorde ein dårleg jobb, men så lenge eg veit med meg sjølv av eg har gjort mitt beste, så kan eg ikkje gjer anna enn å bruke erfaringane slik at eg ved neste oppdrag kan kjenna at eg kanskje gjorde ein endå betre jobb enn eg hadde håpa på :)

 

I tillegg til oppdraga eg har, så skriv eg sjølvsagt i periodar. Det er varierande kor mykje tid eg har til skriving, men inspirasjon spelar også inn på desse prosessane. Eg hentar inspirasjon frå forskjellige plasser, alt etter kva eg skriv om. Eg brukar tid på songskriving/komponering, forbereding til foredrag/erfaringsinnlegg, i tillegg til eit større prosjekt som krev mykje arbeid.

 

Idag er det viktigaste for meg å kjenne at eg er kreativ, at eg held skrivinga ved like, og at eg lever livet mitt på ein måte som gjer meg godt, og at eg kjenner at livet mitt er i bevegelse. Det gir meg mykje å få så mange forskjellige oppdrag, og eg kjenner eg er veldig takknemlig for at eg har fått muligheten til å leve slik det kjennes best for meg.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte