8. mar, 2016

Treng me kvinnedagen i 2016?

Ja, tenk at kvinnedagen er like viktig i dag, som for mange år sidan! Eg har i grunn aldri lagt så mykje vekt på denne dagen, og kanskje ikkje tenkt over kor viktig den er. Mange tenker at me som bur i Norge har det så bra, at dagen ikkje er så viktig, men me har mange grunnar til at det framleis er viktig å arbeide for likestilling for kvinner, også i Norge i dag.
Bildet er henta frå facebook.


Me har mange utdanningar som har lik lengde, men som gir langt fra lik lønn. Ofte er det kvinneyrka som er lavtlønna, sjølv om dei har same lengde som dei meir mannsdominerte yrka. Pensjonsrettane til kvinner blir ofte reduserte fordi ein er heime med barna når dei er små. Mange kvinner arbeider deltid mens barna er små, fordi dei ser verdien i at dei små treng mor. Mange velger i felleskap at det er mor som skal vere heime, og at far skal jobbe meir, fordi han tjener best. I mange norske heimar har likestillinga komt lenger, og mor og far deler gjerne meir på husarbeid og omsorgen for barn, men framleis er det kvinner som i mange heimar tar hovedansvaret, gjerne ved at det er dei som planlegg og delegerer kven som skal gjere kva. Sjølv i heimar der begge er i fult arbeid. Ved samlivsbrudd er ofte kvinner taparane, og det er mange som ikkje kan velge om dei ønsker å behalde huset, nettopp fordi dei ikkje tjener nok. Ved pensjonsalder er det mange kvinner som ikkje har jobba lenge nok til at dei får stort meir enn minstepensjon, fordi dei har valgt å vere heime med barna då dei var små, eller fordi dei har valgt eit kvinnedominert yrke som ikkje gir høg nok lønn til at pensjonen gir uttelling. 


Det er framleis norske kvinner som lever med familievold, undertrykking, der det er menn som kontrollerer dei til ei kvar tid. Det er framleis kvinner som blir voldtatt, både i eigen heim og utanfor. Det er framleis kvinner som prostituerer seg. 


Ser me litt lenger ut i verden, så treng vi ikkje sjå lang for å skjønne at kvinnedagen framleis er viktig. Så ufattelig mange kvinner lever eit liv som ingen skulle vera nøydd for å leva. Me høyrer om barnebruder, voldtekter, kvinner og barn som vert solgt til menn, som om dei var leiketøy, menn som reiser til andre land og kjøper seg kvinner, kvinner som gjerne ikkje har så mange andre valg, eller som kanskje drøymer om eit betre liv her i vesten, og ikkje ser anna råd enn å selje seg. Menn som reiser til andre land for å få seg ei "lydige kone", ei kvinne som tar seg av mannens behov.


Verden har framleis menn som meiner dei har rett til å slå kvinner som ikkje er "lydige", menn ser på kvinner som "bruk og kast", og at dei er til for å tilfredstille deira behov. Kva kvinnesyn vil verden ha?


I 2016 burde det ikkje vere nødvendig å ha noko som heiter kvinnedag, me burde alle vere likestilt. Ha dei same verdiane, og ha dei same rettighetene!

Eg kjenner at eg kunne skrevet både lenger og lang om dette, men då dette ikkje er ein politisk blogg så gir eg meg med dette :)


God kvinnedag til alle kvinner - kor enn i verden du bur:)