29. apr, 2016

Smerten og Håpet

I går var eg og sang på seminaret "Smerten og Håpet" i  Sandnes. Eg er så takknemlig som får sånne jobbar. Seminaret var retta mot pårørande innen rus, noko som eg er veldig opptatt av frå før. På slike oppdrag syng eg mine eigne songar, og i går hadde eg premiere på ein ny sang som eg ikkje har sunget offentleg tidligare. All mi frykt på førehand var bortkasta! Eg fekk gode tilbakemeldingar på alle songane, men spesielt på den nye. Slike tilbakemeldingar gjer at eg blir tryggare på meg sjølv, og tenker at det nå er på tide eg stolar meir på meg sjølv. Eg skriv veldig direkte, og er ikkje av den typen som "pakkar inn" ting. I går fekk eg, blant mange tilbakemeldingar, denne: "det er jo akkurat slik det er". Slike tilbakemeldingar gjer at eg føler eg gjer "noko rett", og gir meg absolutt inspirasjon til å fortsette å gjere akkurat det eg gjer.

 

Det å stå åleine foran publikum, med eigne, personlege tekstar og melodiar, er veldig nakent og utleverande. Eg kan ikkje skjule meg bak eit orkester, eg har berre meg sjølv å stole på. Det er skummelt når eg ikkje kjenner publikum, og ekstra skummelt syns eg det er når eg skal presentera ein heilt ny sang! Samtidig så kan eg ikkje la ver, det er ei drivkraft i meg som seier at eg ikkje skal gi meg, eg har noko å gi andre, og eg ER god nok!

 

Eg har mange forskjellige sangoppdrag. Eg får synge eigne songar, country, pop, rock, viser og salmer, og eg føler eg får utvikle meg på ein bra måte nettopp fordi eg gjer så mykje forskjellig. Eg stagnerer ikkje i ein spesiell sjanger, og har forskjellig publikum, som igjen gjer at eg må bruke fleire sider av meg sjølv.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte