19. jun, 2016

Sommar :)

Sommaren er her, og tida strekk ikkje til alt eg har lyst til å gjere. Eg har ein god del skriveplanar som surrar rundt i hovudet, men dei ropar ikkje høgt nok til at dei kjem seg ned på papiret. Stressar eg med det? Både ja og nei akkurat nå, for eg føler at det som ligg og jobbar der kan bli til noko bra, samtidig som eg kjenner at det somme gonger er godt at det berre surrar litt utan at det blir noko konkret ut av det.

Er eg flink nok til å øve på gitaren? NEI! Eg er så frykteleg dårleg på å øve på songar eg "kan", og når eg øver så har eg ein tendens til å konsntrere meg om sjølve synginga, og ikkje gitarspelinga. Den "gløymer eg" så fort eg kan;) Det blir derfor som regel slik at eg øver på songar som folk spør etter, og når grepa er skrevet ned og eg sett igang med synginga så "slår eg i vei" og gløymer å tenke på korleis det høyres ut på gitaren...hehehe... Det er vel med meg, som mange andre, eg gjer mest av det eg likar best:)

Kva skal eg til med i sommar? Førstkommande torsdag skal eg på American Festival ilag med ei svigerinne. Gitaren er nok det første eg pakkar ned, reiser IKKJE utan den på ei slik helg. Åh, kor eg gledar meg! Me skal sitte utfor campingvogna og kose oss med enkel campingmat, sang og musikk, og eit lite glas vin blir det nok utpå kveldinga. Eg pakkar heilt sikkert med meg ein 60-tals kjolle eller to og. Er spent på kva som møter oss, gleder meg til konsert, pub, street-parade osv. Eg tar det for gitt at me kjem til å treffe mange kjekke folk, og at me kjem til å kose oss "glugg ihjel" frå torsdag til søndag!!! :)

I juli skal eg og dottera mi på ei vekes jentetur til London. Litt shopping, musikal, ein tur til Brighton, kanskje eg får hu med meg for å kikka på bokhandelen i Notting Hill om eg er heldig, ellers er eg heilt sikker på at me komme te å få ein fantastisk tur!

Eg skal synge i eit bryllup i juli, ellers reknar eg med at det ikkje blir spelejobbar den månaden. Godt å ha litt fri og, men om eg skulle få ein forespørsel og eg er heime, så ser eg ikkje bort frå at eg seier ja. Det er ikkje noko kjekt å seie nei til jobbforespørsler, eg har jo draumejobben:)

Blir det skriving på sida mi i sommar? Eg har dessverre vore alt for lite flink med sida mi dei siste månadane, og kan dessverre ikkje love at eg blir flinkare i sommar. Eg får prøve å strame meg opp til hausten:) Eg er å finne på facebooksida mi: https://www.facebook.com/Karoline-Taraldsøy-1520660288215335/?fref=ts der du er hjertelig velkommen til å like sida for å få litt oppdateringar om kva som skjer:)

Eg synes livet er herlig, og syns det er viktig å ta vare på øyeblikka i livet, ta vare på gledene, og det gjere ingenting om ein leitar litt ekstra etter ting som gjer meg glad.

Pssst! For 9 dagar kom ei ny fantastisk lykke inn i livet mitt: Eg blei bestemor til ein nydelig liten gut. Eg trur det er toppen av lykke å vera besteforeldre, og me er så heldige at me har to nydelige barnebarn nå. Livet smiler:)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte