4. jul, 2016

Røykeslutt?

Eg ELSKE å røyka!!!

Samtidig så e eg møkklei av den vemmeliga lukto, lei av å ver avhengig av å ta ein røyk både før og etter ALT eg foretar meg. Bekymra for helso, kreft, hjerte, lunger, kondis, hud osv. For ikkje å snakka om alt eg kunne brukt dei 4000,- i mnd på i steden for å la de gå opp i røyk!!!

På onsdag ska eg te Bergen på dagstur, og eg GLEDE meg te å kjøra åleina i bilen i så mange timar, for då ska eg røyka så masse eg berre klare. Sånn tenke eg nesten kvar gong eg ska på langtur åleina i bil...det e heilt tragisk - og det kan vel kallast kjempebarnslig og!!! Men eg ELSKE å røyka!!! Elske å kjenna kvart trekk eg drar ner...nåke så naute!!! Eg skjemmes jo nesten kor eg går når eg må dra opp den forbaska røyken! Skjemmes av å gå rundt å lukta sånt! 

Altså, eg har prøvd å slutta et ukjent antall gonger! Det lengsta eg har vert røykfri e ca 3 mnd. Plaster, "nikotinpinner", røykeboko, et eller anna hypnoselignande kurs...når eg har slutta uten "hjelpemidler" har eg som regel berre holdt nåken timar...hehehe...

Koss ska eg klara det på ordentlig? FOR GODT? Ein ting eg ikkje har prøvd e laser, så på torsdag kl 10.00 ska eg altså te Haugesund for å prøva det. Går det an å bli røykfri når eg vil, men ikkje vil? Når eg ELSKE å røyka, men e møkklei av lukt osv? Si det...men det koste berre ein fjerdelel av det eg røyke opp te vanlig på ein mnd, så det e nå verdt det tenke eg :)

Så fram te torsdag kl 10.00 så ska eg røyka alt eg berre klare Eg ska røyka te eg blir kvalm! Eg ska røyka te det "tyte røyk ut øyrene! SÅ ska eg ta laser, og bli røykfri uten å savna den dritten!!!