17. jul, 2016

Det blei røykeslutt gitt:)

Eg kan ikkje skryta av at instillingen på røykeslutt var så stor, men eg har iallefall klart det! Eg trur eg hadde ein sånn enkel tanke i håve mitt, at når eg fekk tatt sånn laser så kom eg te å slutta uten problemer. Det største problemet blei altså håve mitt ;)

Eg har ikkje hatt abstinenser, men eg har hatt eit stort savn etter røyken. Eg savne vanen med å gå ut etter at "ditt eller datt" er gjort, savne å premiere meg sjøl med ein røyk etter forskjellig. Det største savnet er nok etter å røyka i bilen åååh, det e et kjempesavn! Men det komme seg nok etterkvart tenker eg.

Eg har bestilt meg e-sigarett uten nikotin, men det ser ut for at det tar tid å få den tilsendt... Eg er røykfri på tiande dagen, og har meir ein kjempelyst på ein røyk X-antal gonger for dagen. Dette har eg sjølvsagt bytta ut med MAT, så eg har klart å gå op ca 3 kilo på disse få dagane! Eg tar vurdering time for time kva eg orker. Har eg lyst å begynna å røyka igjen? JA!!! Har eg lyst å ver slave av den dritten lenger? NEI! Skal eg gi opp røykeslutten nå? NOPE! Eg får kalla det pause, slik eg ser andre gjer, så tar eg ein time om gongen:)