18. jul, 2016

Jentetur til London :)

I morgon reiser eg og dotter mi til London.

Ei heil veke skal me kose oss, gå på shopping, musical, busstur, eta masse god mat, rusla rundt i Londons gater og nyta livet, berre me to :) Ein togtur til Brighton har me også lyst til. Det ser foreløpig ut for at det blir bra vær heile veka, så det kan ikkje bli bedre enn det! 

Kva er det viktigaste eg pakkar med meg?     Notisboka mi sjølvsagt:)

Det er ikkje alltid den er så flittig i bruk, og ikkje alltid den blir brukt om eg har den med meg, men hjernen min jobbar på ein anna måte med detaljer og slikt som kan ver nyttig for ein komponist på tur. Har eg ikkje notisboka med meg, så brukar eg mobilen om det dukkar opp viktige ting, men det er noko med blyanten og boka mi som gjer at det setter seg djupare i sjela.

Me ser for oss at me har god tid til å gjera ALT me har lyst til, så nå gjenstår det å sjå kva me får til i virkeligheten ;) Men kosa oss skal me iallefall, og me skal ikkje stressa!!!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte