30. jul, 2016

Glede meg te ein travel haust

Nå er ikkje sommaren ferdige enda, heldigvis, men eg har starta arbeidet med haustplanane mine likevel. Det begynne å bli ganske fullt i kalenderen min, men heldigvis er ikkje alle helgene booka med jobb - nokre helger er mine pustepausar :)

Det er varierande kor mykje tid eg bruker på skriving for tida, men nokre stikkord og tanker blir notert i hovud og/eller bok innimellom. I går og idag har eg forsøkt meg på oversetting av eigne tekstar - fra engelsk til norsk - spennande, for det går ikkje an å få dei heilt like...eg veit ikkje om dei blir bra på norsk, men eg syns det er gøy å prøva det og. Tenkte kanskje eg kunne teste ut eit par av dei på Gjestegivargården i Skånevik neste lørdag.

Andre planar for hausten? Oh, yes! Eg skal på eit skrivekurs i Haugesund i september. Eg skal til Frankrike i 4 dagar, derifrå skal eg ta tog for å delta på eit skrivekurs i Italia, kor eg blir i 8 dagar. Eg klarar ikkje finne ord for kor mykje eg gler meg, det har blitt eit "must" kvar haust å reise til La Jabotte i Antibes <3 FOR eit vertskap, FOR eit draumehotell, det er som å bu i Kardemommeby :)

 

Ellers håpar eg å få spelt inn ein sang eller to i løpet av hausten, eg jobbar sakte men sikkert mot målet mitt:) Eg har både engelske og norske tekstar eg ønsker å gi ut, men eg trur det blir engelsk før norsk i denne omgang.

Familienyheter? Tja, minstajento begynner på videregåande om to veker. Mellomsteguten reiser tilbake til skulebenken i  Bergen om eit par veker. Minsta barnabarnet skal døypast i midten av september. Det blir jentetur til Oslo - for Justin Bieber konsert i september:) 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte