29. aug, 2016

Det er flest kvardagar

Mange kvardagar er nok både trauste, grå og kjedelege, som på biletet her. (Tatt på tur i Vakadalen for eit par dagar sidan) Somme gonger kan dei kjennast som dagar ein berre må komma seg gjennom før helga endeleg kjem, og me kan ta eit pust i bakken. Eg elskar det grå og trauste, nyter synet av den fine skodda som gir meg impulsar til fleire tekstar. Gler meg stort til hausten kjem med alle dei nydelege fargane, sol, regn, skodde, snø, storm osv... Alt dette Vestlandsværet gir meg alltid nye idear, og det er nok både det beste og det værste med Vestlandet ;)

Mine arbeidsdagar er som regel i helgene når andre har fri. Kan eg då sei at eg har helg frå mandag til fredag? ;) Nei, eg kan nok ikkje det. Som songar/låtskriar kjennes det somme gonger som om eg aldri har fri. Det er ikkje kvar dag eg klarar å skape noko som "viser på papiret", men i hovudet mitt er det skjeldan stille;) Eg har stort sett eit eller anna prosjekt på gong, andre gonger er det nye oppdrag som eg må finna songar til, og sjølvsagt må eg øva litt innimellom.

Som eg har skrevet tidligare, så er eg i gong med eit nytt album. Det er så spennande, og det tar så ufatteleg mykje tid, men det er så fantastisk kjekt at det er verdt kvart minutt av mi tid! Det at eg får arbeida med min egen kunst, det er stort! Eg arbeider kontinuerleg med mi kreative side, og setter meg stadig nye mål. Nokre gonger er eg så gira at eg setter meg nye mål lenge før eg er i mål med siste prosjekt, det er berre så herleg! 

Somme gonger er eg veldig sliten, andre gonger har eg det så gøy at eg ikkje kjenner at eg er sliten før eg omtrent kollapsar. Andre periodar igjen så klarar eg å balansere, og fordele arbeidet slik at eg får tid til å kvile "mellom slaga". Det er flest kvardagar ja, og eg velger å glede meg til kvar einaste kvardag.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte