3. sep, 2016

Ta vare på det kreative

Det kreative ligg djupt forankra i oss menneske, det er berre så lett å gløyme det. Det å være kreativ er ikkje så framand som mange trur, dei seier gjerne at dei ikkje er kreative, ikkje i det heile! Om dei berre visste kor feil dei tar. Me er alle kreative, på forskjellig vis sjølvsagt. Kanskje ein ikkje ser på advokatar, legar, regnskapsførarar o.l. som dei mest kreative menneska i verda, men dei hadde ikkje kome seg gjennom verken utdanninga eller arbeidet utan at dei var kreative. Menneska er nøyd å tenka, tenka ut nye løysingar på forskjellige problem, snakke positivt med andre som kanskje ikkje har det så bra osv. Det er ikkje berre kunstnarar, musikarar, forfattarar osv som bruker dei kreative sidene sine, dei berre brukar dei på andre måtar. 

Ser du mannen som spring på biletet? 

I mitt liv som musikar, songar og låtskrivar brukar eg heile tida den kreative sida av meg. Det kan være ein ny song eg arbeider med, eit dikt, eit bilete, ein sang eg har lyst å synga finare enn eg har gjort før osv. Eg synes eg har eit fantastisk liv, sjølv om det følger med mange tunge stunder. Dei tunge periodane treng ikkje berre være tunge, mange gonger er dei tunge periodane dei beste for meg. Eg går i djupet i meg sjølv, tenker djupare, tenker på andre måtar, hentar fram sider i meg som eg ikkje visste at eg hadde. Når eg er på mitt mest kreative, mitt aller djupaste, det er då eg trives best. Det er då eg lever det livet eg meinar er det rette, og det beste, for meg.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte