22. okt, 2016

Tilbake til kvardagen

Etter 12 dagar i Frankrike og Italia, var det godt å komme heim att! Eg reiser på skrivekurs kvart år fordi det gir meg mykje ny lærdom, ny inspirasjon, nye bekjentskaper, samhold, latter og glede. Dette året var me 7 deltakarar. Ei fin gruppe som gir rom for gode vennskap, god tid til tilbakemeldigar på alle arbeid osv. Vel heime sit eg tilbake med så mange gode følelsar at det er vanskeleg å beskrive. Eg har fått så mange gode, konstruktive tilbakemeldingar på tekstane mine at eg nærast står i spenn av glede. Eg veit kva eg vil arbeide for og i mot, og eg veit meir om kvar eg ønsker med songane mine. Det er nok eit steg vidare i min prosess, nye draumar og mål er i emning :)

Medan eg arbeider jamt og trutt mot nye mål, er eg så heldig at eg får nye songoppdrag der eg får kosa meg med å gjera det eg likar aller best - stå på scenen og skapa liv, latter og glede for publikum der dei er :)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte