15. nov, 2016

Søk etter gleder

Kvar har denne hausten tatt vegen? Me nærmar oss desember, og eg kan nesten ikkje skjøna kvar månadane har blitt av. Eg velger å sjå det som eit positivt teikn, for eg har kosa meg denne hausten. Det har vore travelt, men ufatteleg givande. Eg føler eg er i vekst, både som menneske og som musikar. Eg prøver å ha fokus på det som gjer meg godt, arbeida med meg sjølv, prøver å bryte grenser, eg vil ikkje stagnere.

Eg er stadig på leit etter nye opplevingar som gir meg nye gleder, nye utfordringar og nye inspirasjonar. Eg kan gjerne ta både ein og fleire dagar på sofaen. Kjenne at eg er sliten, kjenne at eg treng ro. Etter Italia har eg ikkje skrive noko særleg, har berre kikka litt over nokre av songane mine, for deretter å legge dei i skuffa. Det gjer ingenting kjenner eg. Det har vore godt å konsentrere meg om musikkoppdraga mine. Eg synes eg er så ufatteleg heldig som får jobba med musikken.

Eg kosar meg når eg legg nye planar, funderer på om eg trur det kjem til å gå, innimellom synk eg ned i "dalen" og tenker at det kjem aldri til å gå... Det finnes mange grunnar til at det ikkje skal gå, mange utfordringar eg har i livet mitt, forskjellig rundt meg som seier meg at "det eller det" aldri kjem til å gå. Dette er sabotøren på skuldera mi - som eg IKKJE vil ha der! Eg kastar han vekk. Nokre gonger tar det lenger tid enn andre, men det er ikkje noko problem sidan eg veit at eg kan velge han vekk. Når eg er som lengst nede, så VELGER eg å leite etter ting eg kan strekke meg etter likevel. Eg bestemmer meg for at eg ikkje ønsker å være "der nede", og då har eg berre eit reelt val - Eg må på leit etter gleder :)

Ååååh, det finnes så mange gleder om me berre velger å finne dei. Eg finn mine gleder overraskanda ofte, og eg trur kanskje det er fordi eg velger å sjå på ting i kvardagen som gleder. Alle desse små tinga som me kanskje tar for gitt. Kvardagen ER full av gleder, om me berre VELGER å sjå dei. Motgangen er der også, men eg VELGER å ikkje legge særleg vekt på den eg, fordi den gir meg ikkje glede den berre tappar meg. Så når motgangen kjem, setter eg inn søket etter gledene så fort eg berre kan :)

Mi utfordring til deg i dag er: Søk etter gleder i DIN kvardag Smiler

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte