16. nov, 2016

Den kulturelle spaserstokken

Eg tar på meg oppdrag for "Den kulturelle spaserstokken", og idag sit eg og arbeider med forskjellige tema, samt layouts for plakater. Det er ikkje noko som er gjort i ei handvending, men eg føler eg er godt i gong med fleire tema. Eg brukar alltid lang tid på slike forberedingar, eg likar å ha "full kontroll" ;)

Eg er på god veg til å ha klar layout til fleire plakatar. Eg har laga eit design som vert gjennkjennelsesmomentet for alle plakatane, deretter må eg tenke ut kva bileter eg ønsker å ha til dei forskjellige tema.

 

Eg arbeider samstundes med kva tema eg ønsker å presentere. Idag har eg kome fram til fire forskjellige temaer, så nå gjenstår det å velge ut songar og eventuelle dikt og historiar.

Når eg set meg ned med slikt arbeid, går eg i gong med liv og lyst, og tenker alltid at "dette er då ingen sak" ;) Eg lurer meg sjølv - kvar einaste gong!

 

Akkurat nå trur eg at eg skal avslutte dette arbeidet for dagen, og finne fram julesongane eg må ha litt kontroll på til i kveld. Kjenner eg meg sjølv rett så vil dette prosjektet likevel ligge å surre i hovudet mitt framover, og då kosar eg meg eigentleg - sjølv om det stressar meg litt innimellom. (Det var den balanseringa av livet då...knis knis)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte