7. jan, 2017

2017

Godt Nyttår

Nok eit år har passert, og me skriver 2017. Fjoråret gav meg og familien min både medgang og motgang. Livet blir ikkje alltid slik me ønsker det, men når tøffe tak kjem så velger eg å jobbe for det positive me har. Det er svært få forunt å unngå motgang, så ein får ikkje no godt ut av å dvela for lenge med dei. Sjølv i motgang og vonde ting som skjer, så finnes det, for dei aller fleste av oss, ting ein kan sjå positivt på.  

Eg er takknemlig for mannen min. Eg er takknemlig for alle tre ungane mine. Eg er takknemlig for mine to skjønne barnebarn. Eg er takknemlig for mine to svigerdøtre.. Eg er takknemlig for at eg har alle mine kjære i god behold. Eg er takknemlig for alle mine gode musikkopplevelser i året som har gått. Eg er takknemlig for all støtte som familien gir meg. Eg er takknemlig for at familien min har tru på meg og musikken min. Eg er takknemlig for at eg klarer å sjå positive ting sjølv når det er mørkt. Eg er takknemlig for alle nye bekjentskaper eg gjorde i året som gjekk. Eg er stolt av at eg ikkje gir opp. Eg er stolt av at eg tar skritt for skritt, i mitt tempo, mot mine mål. 

 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte