12. jan, 2017

Ord

Eg skriv og skriv og skriv - og eg kosar meg :)

Somme gonger lurer eg på om eg nokon gong kjem til å gå tom for ord. Det er inga reel frykt, for så lenge det fins mennesker så fins orda. Me er avhengige av ord for å kommunisere. Ord er blant anna uttrykk for følelsar og behov. Eg bruker sjølvsagt ord når eg komponerer, og eg har ein lang veg å gå i arbeidet med å lære meg å søke etter nye ord, andre ord enn dei eg bruker i dagligtale, andre måtar å bruke orda på. Korleis kan same ordet gi så forskjellig meining, alt etter kven som seier det, korleis ordet blir sagt - eller kva ord det blir satt saman med? 

Eg er i grublehjørnet for tida, og har fleire prosjekter på gang for dette året, og for framtida. Det er ufatteleg spennande og kjekt. Spennande å sjå kvar vegen går, kva prosjekter kjem eg til å satse mest på. Det blir sjølvsagt fokus på musikken, men det følger med mykje planlegging og skriving rundt det også, og det er veldig givande. Eg er i utvikling, eg søker nye urfordringar, trivest med livet mitt slik eg har det i dag.

Eg finn meir og meir glede i å reise, oppleve nye ting, nye kulturar, treffe nye folk, smake ny mat, kose meg anten det er med familie eller venner. Første turen i årgår til fjells i lag med mann, barn og barnebarn. Neste tur er vinterferie til Gdansk ilag med dotter mi. Italia på skrivekurs nokre veker etterpå, og få dagar etter heimkomst frå kurs så er det klubbtur til København. Det er nesten som det kjennes som eg er i april før eg har fått tenkt meg om...hehehe...

Kvardagane ellers går med til skriving, komponering, og planlegging av nye prosjekter. Drøymer om å få arbeide meir kreativt, design, sying, maling og anna. Eg ser ikkje vekk frå at eg lurer meg til det inn imellom anna skrivearbeid - eg treng kanskje litt pause frå det og;) Det hadde vore ein draum å sluppe mine faste cowboystrekker, men så lenge eg treng dei så får eg læra meg å leva med det og. Det er jo viktig å lytte til kroppen og, sjølv om det ikkje alltid er like moro :) Det er godt å ha framtidsdraumar, og draumar kan fort bli sanne. Skulle dei ikkje bli sanne, så har eg likevel hatt det veldig gøy mens drømmane pågjekk :)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte