12. jan, 2017

Kurs

Eg er glad i å lære nye ting, og hadde eg kunna, og hatt helse, så ville eg gått deltid på skule resten av livet :) Det er noko med det å få nye impulsar, kjenne kor godt det er når ein har lært noko nytt. Endelig skjønt ting ein kanskje har lurt på, eller streva lenge med å få til. 

På skrivekursa eg går på eit par gonger i året er det ikkje akkurat den typen læring, men eg får nye impulsar, blir kjent med nye menneske, utvekslar erfaringar, både gir og mottar tilbakemeldingar. Det er så lærerikt og kjekt!

I februar skal eg på to andre kurs. Eit i helsepedagogikk, og eit i formidling. Eg gler meg, og er veldig spent. Vil det vera heilt nytt for meg? Kor stort utbytte kjem eg til å få ut av det? Kjem eg til å bli kjent med nye mennesker, eller sitta stille i ein krok og ikkje føle meg heilt vel? Noko kjem an på meg, noko kjem an på dei andre deltakarane, og noko kjem an på kursholdarane. Den beste oppskrifta må være at alle ønsker å gjere noko for fellesskapet.

Ein ting er eg heilt sikker på, og det er at eg har lyst å lære noko nytt, og eg gler meg. Med det så er det eigentleg avklart, eg har bestemt meg for at det skal bli kjekt - dermed så blir det nettop det :)

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte