16. jan, 2017

Medgang og motgang gjer kreativ

Eg er kreativ både i medgang og motgang, men av og til når livet har tøffe tak kjem tankane. Mange tankar. Alle slags tankar. Positive og negative. Nokre bygger meg opp, andre drar meg ned. Kan eg velge kva tankar eg skal ha? Somme gonger er det lettare å styre tankane over på positive ting enn andre. Når eg ikkje klarar å fokusere på det positive, eller sjå løysingar på forskjellige problem, ender eg som regel opp med å skrive - som så ofte ellers og, når livet er bra. Når eg skriv kjem som regel tankane mine over på ei positiv vinkling uansett, det er så godt! 

 


I dag veit eg ikkje om tankane mine var verken negative eller positive. Det va nok ein kombinasjon der alle tankane var tilstede på same tid på ein måte - det høyres kanskje rart ut, men det er nå ein gong slik av og til. Eg trivest både i bølgedalar og på bølgetoppane, kanskje fordi eg veit at det som regel kjem noko godt ut av begge ytterpunkta.

Eg satte meg ned, fant Mac´en og skreiv ned nokre tankar som etterkvart blei til fleire dikt. Eg måtte finne fram skriveboka mi etter ei stund, for då kan eg både sjå og kjenne orda på ein måte. Etterkvart kom det til meg at eg MÅTTE ha ein melodi til det eine diktet. Melodien kom, men nå stemmer ikkje verken rim eller takt. Eg tar ikkje det så tungt, for eg veit at eg kan endre begge deler alt etter kva eg ønsker resultatet skal bli. Det er ein av tinga som er så fine med det å lage ting sjølv. Eg gjer som eg vil i eitt øyeblikk, i neste øyeblikk har tekst eller melodi gjort seg av seg sjølv utan mi styring. 

Det er både givande og slitsomt på same tid. Av og til blir eg sjokkert over kor sliten eg blir av å sitte i sofaen med gitar, Mac, penn og papir. Eg fekk litt for lite søvn i natt, så eg burde nok visst at hovudet mitt kom til å "springe litt løpsk" i dag, men det er ikkje alltid eg styrer sovetimane. Ein ting er sikkert: Det er berre å godta det, så nå er det faktisk allerede tid for dagens cowboystrekk:)

HjerteEg håpar du lagar deg ein god dag, og lever livet ditt slik som er rett for DEGHjerte

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte