22. jan, 2017

Skriveperiode

Eg er i ein veldig god skriveperiode om dagen. Ideane pressar på, og eg kjenner det gjere godt. Det er noko eget med det å ha muligheten til å skape noko som er berre mitt. Dei siste vekene har eg skrevet både på norsk og engelsk, og eg merkar at eg uttrykker meg på orskjellig måte alt etter kva språk eg skriv på. Eg tar meg i å kjenne at det er godt å få ut kreativiteten på begge måtar. Som folk flest så har eg mange sider av meg som vil ut. Er eg nødt for å velge éin måte? Nå eit spesielt publikum? Ei spesiell aldersgruppe? Finnes det reglar for slikt - som det gjer på så mange andre områder? Det vil nok alltid ver nokon som meinar det finnes reglar, for det meste, men akkurat nå kjenner eg at det bryr eg meg ikkje om. Eg gjer som EG vil, og eg skriv på dei måtane som EG vil. 

Eg jobbar med fleire låtar på ein gong for tida. Eg har lett for å stoppe opp, miste flyten, leite etter ord som kanskje ikkje finnes, så låser det seg og eg kjem ikkje videre. Eg manglar nok struktur, og mest sannsynlig eindel kompetanse på området. Eg velger likevel å fortsette med skrivinga fordi det gir meg så ufattelig masse glede. Det kjennes som eg ikkje har noko val, songane berre MÅ ut. Kanskje det kan samanliknast med når andre må gå på jobb, trivest på jobben, og gjer alt dei kan for å bli betre. Om dei blir gåande for lenge heime utan å gjere på noko, så blir livet fort tomt, einsamt, kjedelig og trist. Dei får ikkje brukt seg sjølv, gjort nytte for seg, utvikla seg osv.

Dette er min jobb, og sidan eg er forholdsvis fersk i faget, og ikkje har ein læremester, så må eg prøva og feila før eg blir fornøyd. Heldigvis så trivest eg med å lære, utvikle meg, prøve og feile. heldigvis sit eg ikkje berre heime og arbeider, eg har oppdrag som gjer at eg får bruke stemma mi, gjere det eg likar aller best. Det er faktisk ikkje alle forunt å få lov til å gjere det dei aller mest har lyst til. Er eg der eg ønsker å være i dag? Ja, det er eg faktisk. Det kan eg seie fordi eg har mål og visjonar for mine draumar. Eg strekker meg etter nye mål, setter meg delmål, arbeider etter mitt eige tempo. Skulle eg ønska eg hadde hatt kapasitet til meir? Ja, sjølvsagt! Me mennesker har kanskje ein tendens til å ønske meir enn me klarar, men eg velger å sjå mulighetene i livet mitt. Begrensningane kjem av seg sjølv, både på eine og andre måten. Eg lar berre ikkje begrensningane stoppe meg fra å håpe, draume, nyte nuet, eller å strekke meg etter nye erfaringar. 

Eg velger å fokusere på det som gjer meg godt i dag, ta ein dag om gongen,
og glede meg over det eg klarar å få til.

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte