5. feb, 2017

Å være tom og full på same tid

Eg boblar over av kreativitet for tida, men kroppen set dessverre sine begrensingar. Skriveboka ligg framme, nye stikkord vert skrivne, men det er som at dei ikkje har samanheng, eller passar inn der eg har skrive dei. Eg "ser" kva hovud og sjel vil, men orda vil ikkje formulera seg på same måte når dei kjem ned på papiret. Eg finn fram gitaren, syng både eigne, og andre sine låtar. Det er godt å få ut tonane. 

Eg ser på orda eg har skrevet, og som lyn frå klar himmel kjem det ein ny melodi som tar plass i hovudet mitt, hjerta mitt, sjela mi. Melodien har ikkje kome heilt ut endå, den ligg og godgjer seg litt før eg får høyra den skikkelig. Somme gonger er eg overbevist om at melodiane ikkje kjem ut med vilje, berre for å plaga meg;) Eg høyrer melodiar i det meste, og eg trur følelsane mine foregår i melodiar. Nokre i moll, andre i dur. 

I dag har panikken tatt meg. Det er ikkje berre nakkeprolapsen som stoppar meg om dagen, ein MØKKA-tennisalbue meinar tydeligvis at eg har brukt for mykje tid ilag med gitaren. Venstre sida er ikkje på mi side idag heller, men eg har ikkje tenkt å gi opp nei! Må berre prøve å smøre meg med tålmodighet. Tålmodighet har eg mykje av, men ikkje når det gjeld pause i musikken. Sjølvmedlindenheten kjem snikande, og eg tar meg i å kjenne litt på den. Finn fort ut at der vil eg ikkje være. 

Om eg ikkje kan overdrive gitarspelinga om dagen, så må eg finne andre måtar å få ut musikken på. Heldigvis så kan verken nakkeprolaps eller tennisalbue stoppe meg frå å tenke, eller å synge :) 

Eg høyrer musikken inni meg, overalt kor eg er. Med tida så kjem nok orda til nye songar fram og. I ventetida velger eg å være takknemlig for at eg er meg, og at eg jobbar med min aller største draum. Eg synes eg er ufattelig heldig!

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte