10. feb, 2017

Eg er så fornøyd med denne veka :)

Tirsdag og torsdag denne veka har eg vert på kurs i formidling i Haugesund. Eg er så glad for at eg "kasta" meg i det, sjølv om eg frå før hadde meldt meg på kurs i helsepedagogikk.

Desse dagane ville eg ikkje vore foruten! Eg har lært mykje nytt, fått bekrefta mykje av det eg allerede har gjort, fått lassevis med ny inspirasjon til å fortsette mitt arbeid som formidlar, eg har fått forsterka ønsket mitt om å utvikle det eg allereie arbeider med, og ikkje minst blitt kjend med nye, fantastiske mennesker! 

Me har hatt flinke foredragsholdere, arbeida i grupper, hatt gode samtaler, utveklsa erfaringar og hatt det kjekt saman. Eg har ikkje brukt PowerPoint under mine formidlingsoppdrag tidligare. Eg arbeider med å utvikle ein god presentasjon for å forsterke mitt budskap. På kurset fekk eg gode, og konstruktive tilbakemeldinger på det eg hadde gjort, samt tips til forbedring. 

Eg er i vekst, eg er veldig glad fordi eg stadig lærer nye ting, nye måtar å sjå ting på, og nye metodar for å utvikle meg sjølv som menneske. Dersom me berre ønsker det, så er det mulig å utvikle seg til noko betre.

 

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte