3. mar, 2017

Plutselig mars, og spennande dagar framover

I går kom eg og dotter mi heim fra vinterferie. Kjekt, og viktig med ein jentetur av og til. Lørdag - torsdag i Gdansk, me har kost oss med god mat, shopping og kortspel på hotelrommet. Tilbake i kvardagen er likevel kjekt, heldigvis. I dag var det godt å sitta i sofaen, finna fram gitaren og få synga litt igjen. Eg har sunget inn nokre songar til barnebarna mine, eg må vel nyte det mens de enda er små, og likar at bestemor synger til dei:) 

Nå har mørket lagt seg, og gitaren er på plass i sofaen igjen. Det er stille i huset, og eg kan leita fram dei songane eg har lyst å synga. I kveld er planen å synga inn nokre songar til bursdagen til mormor mi, som er om nokre veker. Eg er bortreist på dagen hennes, og ein dag "ramla det inn" ein song i hovudet mitt. Ein song fra meg til mormor. Eg har leita fram fleire andre songar, så nå håper eg at stemma vil virke som den skal, og at tennisalbuen ikkje bremsar meg alt for mykje.Skal tru om eg må begynne å trene meg på å spele venstrehendt gitar...hehehe... eg kryssar fingrane for at det går over "fortare enn svint"!!!

Torsdag skal eg i studio og synge inn "deler" av ein song. Eg er så heldig at eg har blitt spurt om å oversetta ein song, og synga inn "min del" på plata. Eg synes det er ei ære å bli spurt om det, og er veldig spent på korleis resultatet blir.

Det er mars månad allerede, og om berre 16 dagar er eg tilbake i Italia for å sjå om eg klarer å skrive ein låt eller to igjen:)

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte