5. mar, 2017

Sofadag

Idag har eg gjort minst mulig, på lengst mulig tid. Har vert skikkelig raslaus, og samtidig "DRITTLAT". Det blir på ein måte både godt og pyton på same tid. Tankekjør, lyst å spela og synga, men orka ikkje... Vurderte å gjera no husarbeid, men når eg hadde bytta sengklær og rydda litt i klesskapet, så orka eg ikkje meir...hehehe... Har sove to gonger i dag, men fremdeles kjennes det ut som eg er heilt utslitt, tappa for krefter. Grublerier er ikkje alltid så lurt, men av og til er det veldig godt med sånne dagar. Eg likar å fundere på ting, prøve å lære meg sjølv betre å kjenne. Eg kan ikkje påberope meg at eg har blitt så mykje klokare i dag akkurat, men eg er i prosess og utvikling heile tida, og det kjennes godt. 

Jo eldre eg blir, jo meir kjenner eg at behovet for andres godkjenning av mitt liv betyr mindre og mindre. Me mennesker er alle unike, på kvar vår måte. Min livsstil er kanskje ikkje lik din, men det vil ikkje sei at eg, eller du, er dårligare mennesker. Me er berre forskjellige. Me har forskjellige verdiar, forskjellige måtar å uttrykke oss på, forskjellige følelsar, forskjellige urfordringar, forskjellige mål med liva våre, forskjellige behov, forskjellige oppvekstvilkår og tilnærming til livet. 

Det å sjå på andres livsstil, mål og verdiar med forakt fordi andre ikkje lever slik me sjølv ønsker å leve, har me ingen rett til. Me treng ikkje være enige med alle, men me skal respektera og godta andres valg. Eg syns det er berikande å bli kjent med mennesker som er fullstendig ulik meg sjølv, enten det er livssyn, holdnigar eller andre ting. Eg føler eg lærer mykje av andre. Det å sjå mennesker som lever totalt motsatt av det me er vant med å sjå, er utrulig fasinerande. Nokre gonger skjønar eg deira livsstil, verdiar og tankesett. Andre gonger kan eg ikkje skjøna korleis nokre kan meina "sånn eller slik", men så lenge me respektere kvarandre så kjem me langt. Det er eg heilt sikker på. 

Drittsnakk om andre, og eigne tolkingar av andres liv kjem ein ikkje langt med. Eg er mange gonger dømande sjølv, på bakgrunn av det eg ser, eller høyrer. Når eg blir kjent med personen opplever eg gong på gong at eg skjønar kvifor han eller ho er "sånn eller slik", eg skjønar kva som ligg bak, kvifor personen har andre reaksjonsmønster enn meg sjølv osv.

Eg ønsker ein verden der me alle kan leva i "fred og fordragelighet", respektere andres meiningar, og godta annerledeshet. Når det gjeld meg sjølv, skal eg arbeide meir med å slutte å bry meg om andres drittsnakk om meg. Eg lever mitt liv, eg har mine meiningar, og eg treng ikkje være nokon andre enn meg sjølv. Eg har mine gode sider, eg har mine dårlige sider, og eg har mine feil, på lik linje som alle andre mennesker.

Eg er meir enn god nok, akkurat som eg er!


HjerteTakknemlig for livet mittHjerte