6. mar, 2017

Ut av det blå...

Av og til lurer eg på kva som skjer, og korleis det berre kan komma både tekst og melodi, som om dei kom heilt ut av det blå... Det er nok tankar som har surra rundt i hovudet mitt som plutselig bestemmer seg for at dei vil skrivast ned. Melodien som kom i kveld er så fin, at eg nok ein gong lurer på om eg har høyrt den før. Det er nesten så det er skummelt. Eg kontrollerer ikkje melodiane som vil ut. Teksten er det verre med - som vanleg! Eg har så mange tankar som vil ut, men uttrykket vil liksom ikkje vise seg. Kanskje har eg ikkje klart å finne ut kvar eg eigentleg vil være som komponist, kanskje eg ikkje er klar, kanskje eg ikkje er skapt for å skrive eigne tekstar?

Langt inni meg ein stad ligg det så mykje som MÅ fram i dagen, men kanskje det rette hadde vore å la andre få skrive for meg, eller "skrive om" det eg har starta på? Eg veit ikkje kva som kjennes rett, eg veit berre at kjelda inni meg er som ein demning som er så full at den nesten renn over. Det einaste eg veit, er at eg skal fortsette å skrive og komponere, resten ordnar seg når tida er inne. 

Det kjennes fantastisk å få ut nokre nye tonar og ord, samtidig som det er slitsamt. Det er som eg blir tappa for krefter, og berre ønsker å sove etter slike økter. Heldigvis er gleda så stor at eg ikkje gir opp. Eg er ufattelig takknemlig for denne uttrykksformen, at eg har ein måte å få ut tankane mine på. Det er terapi for veldig mykje i livet mitt. Gleder og sorger, vonde og gode tankar, såre og vanskelege ting blir betre, tankane mine blir sorterte og eg får nye refleksjonar over ting som skjer rundt meg. 

Eg avsluttar, som eg alltid gjer, med å være takknemlig for livet mitt. Eg synes det er så viktig, fordi eg har så mykje å være takknemlig for. Sjølv når dagane er tunge, og det stormar som verst rundt meg, velger eg å være takknemlig. Det gir livet meining, og det gir meg grunn til å være positiv. Eg syns det å være takknemlig for livet mitt er ein viktig leveregel. Somme gonger er det veldig enkelt å være takknemlig, og dei gongene det er vanskeleg å være takknemlig hjelper det å skrive det. Då gir eg meg sjølv i oppgåve å finne ut kva eg kan være takknemlig for.

HjerteTakknemlig for livet mittHjerte