11. mar, 2017

I studio

Torsdag denne veka var eg hos Karmøy Lydstudio og gjorde et opptak. Eg har fått den ære å oversetta ein Italiensk sang til norsk, samt synge inn den delen eg har oversatt. Eit spennande prosjekt synes eg. Eg kan ikkje eit ord Italiensk, og Italieneren kan ikkje eit einaste ord norsk:) Eg bør nok ikkje sei høgt at eg har brukt google translate...hehe...men det har eg altså. Eg har sjølvsagt ikkje brukt den oversettingen bokstaveleg, men det var eit nyttig verktøy for å finna ut kva songen handla om. Eg oversatte litt til Engelsk, litt til Norsk, og kom fram til kva eg måtte gjer for å få den så nær originalen som mulig. Eg kan ikkje sei eg synes språka har så mykje til felles, og det å få det norske språket til å stemme sånn nokonlunde med det Italienske tok litt tid. Eg la vekt på å finne ein god rytmisk takt, og få teksten til å smelte samen med melodien. Heldigvis var det lite tekst på den;) 

Nå må eg berre vente i spenning, og sjå kva studio i Italia gjer med det eg har sunge inn. Eg er fornøgd, og syntes det blei eit bra resultat. Faktisk var det veldig kult med dei to språka saman.

Tenk at eg er så heldig å få være med på dette, veldig kjekt!

 

HjerteTakknemlig for livet mitt Hjerte