15. mar, 2017

Nye innspelingar på gong

Då er avgjerelsen tatt, eg har bestemt meg for kva songar eg skal spele inn i denne omgang. Starskuddet for innspeling er i begynnelsen av april. Eg er spent på kor lang tid det vil ta før dei er ferdige, og er nesten som ein unge som ventar på lørdagsgodteriet:) Eg gler meg veldig, både til sjølve prosessen, og sjølvsagt til korleis resultatet blir. Eg har nye samarbeidspartnarar, så det er sjølvsagt ekstra spennande og sjå korleis det går. Eg har ein god følelse, og klarar nesten ikkje vente på å få komme i gong :)

Det er kostbart å gi ut album, så denne gongen blir det berre nokre utvalgte songar. Det er ingen enkel jobb å velge blant eigne låtar, men det kjennes ut som eg har tatt dei rette valga nå. Eg har brukt lang tid på denne prosessen, bestemt meg for nokre, for så å eliminere dei bort. Eg ønsker at songane skal harmonere saman, at "sounden" blir gjenkjennelig, samtidig som dei ikkje må være for like. Variasjon og samspel på same tid. 

Eg har hatt nokre songar ute på "høyring" hos venner, likevel er det til sjuande og sist berre eg som kan avgjere kva som kjennes rett for meg. Songane eg har landa på nå høyrde liksom berre saman. Ok, så er det ein av dei som kanskje ikkje harmonerer like bra, men eg syns den er litt "gøy" så eg tenke "eg slenge den med" :) 

Dei siste dagane har eg jobba med takten på kvar enkelt song, den må kjennas rett for kvar enkelt song. Trur eg har kommet til ein avgjerelse som kjennes bra ut der og nå. Ellers må eg sjølvsagt tenke på bilder til prosjektet. Eg er flink å tenke...hehehe... Eg har ein plan oppi hovudet mitt. Vil den bli bra? Vil den endre seg mykje? Vil den stemme overens med songane? Er den lett å gjennomføre? Styling, layout, format, farger, perspektiv osv. Åh, som eg kosar meg :) Men første gledesprosjekt er nytt skrivekurs i Italia, førstkommande søndag - O lykke :)

 

Hjerte Takknemlig for livet mitt Hjerte