15. mar, 2017

Berettiget harme = berettiget vald???

I artikkelen frå Stavanger Aftenblad les eg om reduserte straffer, med grunngjevingar som "Berettiget harme, og "Som følge av at kvinnene er prostituerte": http://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/Noe-er-galt-i-Stavanger-tingrett-540305b.html

Eg stiller meg spørsmålet: Når vart harme likestilt med vald? Eg har mange gonger vore harm, nokre gonger berettiga, andre gonger ikkje. Dei gongene eg var "berettiga harm" - vil det sei at eg då hadde rett til å utøve vald mot den/dei eg var harm på? Vil det sei at når foreldre er berettiga harme på sine barn, kan dei utøve vald? Er det greit å utøve vald når motparten har skuld i harmen?

Eg er overbevist om at me ALLE er berettiga harme innimellom, nokon ofte, andre skjeldan. At nokon blir så harme at dei går til det skritt å utøve vald er ei heilt anna sak. Kanskje kan ein somme gonger forstå at ein kan bli så harm at ein utøver vald på ein eller anna måte. Ein HEILT anna sak er at ein tingrett LIKESTILLER harme med vald! For det er nettopp det denne tingretten gjer når dei reduserer ei valdsstraff med begrunnelsen "Berettiget harme". Dei seier at me mennesker har rett til å utøve vald, dersom offeret har gjort noko som gjer voldsutøvaren harm. Det er ei tragedie utan sidestykke. Den same tingretten seier også at det er greit å voldta dersom kvinnene er prostituerte. Kvar blir det av rettssikkerheten vår når ein tingrett kan redusere vald og valdtekter med grunngjevingar som "Berettiga harme" og "som følge av at kvinnene er prostituerte"?

Kva blir det neste? Kan me ende opp med at det er greit å steine kvinner som er utro, på grunnlag av at det var "berettiga harme"?  

I Andrea saken blei offeret dopa og voldtatt av 3 VOKSNE "menn". Dei vart frikjent blant anna fordi offeret hadde tatt dopet frivillig! Dei vart samstundes dømde til å betale offeret erstatning...! 

Skal me lære komande generasjon at vald og valdtekt er berettiga dersom offeret: Har "skuld" i harmen? Hadde på seg "feil" klær? Oppførte seg "feil"?  Rusa seg? 

Me må kjempa mot denne UKULTUREN! Me skal vera trygge! Det er IKKJE GREIT at harme blir likestilt med vald!

 

Rettssystemet er på feil vei! Vald er ALDRI berettiga!